SotraLista overlet avgjerda til veljarane

Årsmøtet i SotraLista tvilte seg til å stilla liste ved kommunevalet til hausten, trass i at dei ikkje har nådd målet om å henta tredelen av medlemmane frå Sund og Øygarden.

Svein Bergh og Jan Utkilen har vore og vil framleis vera sentrale personar i SotraLista.

Stå på, eller leggja ned? Spørsmålet om bygdalista for Fjell framleis har sin misjon har lenge hunge i lufta. Under det ekstraordinære årsmøtet sist haust stilte mangeårig leiar, tidlegare ordførar Jan Utkilen eit ultimatum: Enten klarar vi henta inn tredelen av medlemmane frå Sund og Øygarden, eller så gjer vi oss.

Les: SotraLista sparkar framleis

Nye medlemmar
Vervekampanjen som vart igangsett etter møtet har kome opp med eit 20-tals namn. Berre eit fåtal av dei nye medlemmane er heimehøyrande i dei to andre kommunane, og av dei er det enno færre som ønskjer å stå på liste til kommunevalet, ifølgje Kjell Rune Garlid.

Ingen av dei nye medlemmane stilte på årsmøtet som talte 12 deltakarar.

Gode saker
– I dag må vi ta ei avgjerd. Vi kan ikkje utsetja det lenger. Det manglar ikkje på gode saker, hevda leiar Svein Bergh.

John Kjell Fjeld er ikkje i stuss om at SotraLista bør stilla, uansett.

– Det er kanskje tid for å gje seg, men dei har bruk for oss. Det er viktig at vi har folk som tør å stå på meiningane våre, sa Elna Nybakk.

Nye samarbeid
– Kommunesamanslåinga er eigentleg ei naturleg tid å gje seg, men under siste kommunestyret skjedde det eindel ting som gjer det interessant å halda fram, sa Jan Utkilen.

I siste valperioden har bygdalista freista eit tilvære i opposisjon, noko som har passa den tidlegare ordføraren dårleg. No øynar dei at samarbeidet mellom posisjonspartia kan rakna, noko som kan opna for nye samarbeidskonstellasjonar, ifølgje Nybakk.

Etterlyser unge
– No må ungdommen stilla opp, hevda Utkilen etter at eit samrøystes årsmøte vedtok at ja, SotraLista stiller liste til kommunevalet.

– Det er ikkje noko SotraLista utan dykk, repliserte Hege Misje.

Ifølgje årsmeldinga for fjoråret har møteverksemda hovudsakleg skjedd i forkant av komité og kommunestyremøte, med dei same fem – seks personane som gjengangarar.

Starta valkampen
Etter årsmøtemiddagen fredag kveld ville deltakarane setja opp kjøreplan for valkampen, og starta arbeidet med å utforma det politiske programmet.

Eit program der eit nytt fastlandssamband i sør, og kommunal overtaking av fylkevegnettet etter alt å døma vil stå sentralt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.