Equinor øynar snarleg milliardgevinst av digitalisering

Gjennom digitalisering planlegg Equinor å auka produksjonen av olje og gass på norsk sokkel tilsvarande 20 milliardar kroner innan 2025. Olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg opna to digitale sentre på Sandsli i dag.

Equinor har ambisjonar om å ha leiartrøya i den føreståande globale energiomlegginga. Då vil digitalisering, produksjons spela ei vesentleg rolle, ifølgje plassjef Gunnar Nakken på Sandsli.

Redusert nedetid, makismert produksjon av olje og gass, auka produksjonspotensiale og reduserte utslepp av klimagassar er dei overordna måla med digitaliseringsprosessen, ifølgje Arne Sigve Nylund, konserndirektør for norsk sokkel.

Olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg (tv) heiar på norskutvikla teknologi som skapar meiningsfylte og attraktive arbeidsplassar. Her saman med konserndirektør Arne Sigve Nylund for norsk sokkel.

– Norsk sokkel skal vera eit laboratorium for å ta i bruk ny teknologi. Forutan å skapa milliardverdiar, har oljeselskapa utvikla petroleumsteknologi som er teken i bruk over heile verda, rosa olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg då han trykte på knappen som markerte den offisielle opninga.

Lang prosess
Digitaliseringa av norsk sokkel har pågått over fleire tiår, og har gradvis ført til ei omlegging av behovet for kompetanse i organisasjonen. Dei første fiberkablane kom på plass i Nordsjøen på slutten av førre hundreåret. Seinare har utplassering av sensorar på kritisk utstyr, programvare og digitalisering av enorme dokumentmengder bidrege til at det no er mogeleg å overvaka og fjernstyra stadig fleire offshore arbeidsoperasjonar frå land.

På Sandsli har Equinor installert to digitale støttesentre for overvaka henhaldsvis produksjon og boring offshore. Det var desse olje og energiministeren offisielt opna i dag.

Støttesentre
Støttesenteret for integrerte operasjonar vert teke i bruk hausten 2017. I førstninga var det berre eitt felt som vart fjernovervaka. Seinare har Grane, Gina Krog, Åsgard, Asta Hansteen og Norne blitt kopla til, og framleis ser Equinor potensiale for å kopla til fleire felt, seier Nylund.

Innan 2012 er det planen at samtlege av Equinor sine 40 installasjonar på norsk sokkel skal kunna støttast frå dei bemanna landsentrene i Bergen, Stavanger og Stjørdal.

Digitaliseringa har bidrege til optimalisering av drift og produksjon, mellom anna som følgje av tilstandsovervaking, prosessanalyser, identifikasjon og fjerning av flaskehalsar. Equinor for seg at det vil vera mogeleg å auka ressursuttaket av olje og gass med 20 milliardar innan 2025, seier Nylund.

Boring

Geolog Øyvind Andersen har tilgang til meir informasjon på Sandsli til å planlegga boreoperasjonar enn han ville hatt ute på ein plattform.

Geo-støtte senteret skal planleggja offshore boreoperasjonar og bidra til at det vert henta opp meir olje med reduserte kostnadar. Sjølve boreoperasjonane skal framleis styrast frå plattformane, i alle fall inntil vidare. Ved å redusera behovet for mannskap offshore reknar konserndirektøren likevel med å kunna kutta kostnadar tilsvarande 270 millionar kroner årleg.

Kan hende vil digitalisering og innovasjon gjera det å mogeleg å utvinna ressursar som i dag ikkje vert rekna som lønsame.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.