Konkursåret 2018

Oljeprisfallet byrjar no å for alvor å råka einskildpersonar. Fire av ti registrerte konkursopningar i region vest i fjor var einkeltpersonføretak.

Verksemder med liten eller ingen kapital har små føresetnadar til å verkeleggjera forretningsideen, skal vi tru konkursoversikten for 2018.

Totalt registrerte Brønnøysundregistra i fjor 72 konkursopningar hos verksemder med adresse i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden. Det var 15 fleire enn året før. Ein auke på 26 prosent.

Talet på registrerte konkursopningar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden auka med 26 prosent i 2018 samalikna med 2017.

Askøy var den kommunen som hadde flest konkursopningar. Heile 37 verksemder her måtte lukka døra for siste gong. I Fjell var talet 24.

 

Utviklinga i talet på konkursopningar i regionen samsvarar med utviklinga nasjonalt. Det var likevel store variasjonar i den økonomiske utviklinga i det lokale næringslivet frå kommune til kommune. Medan dei i Fjell kunne gleda seg over at talet på konkursopningar gjekk ned med 29 prosent, fann det stad ein sterk auke i Sund og Askøy.

Nedgang i Fjell, sterk auke i Askøy og Sund, men stabilt i Øygarden.

I Sund auka talet på konkursopningar frå 1 til 7, medan det i Øygarden låg stabilt på 4.

Kven går konkurs?
Kommunane byrjar no for alvor å merka konsekvensen av oljeprisfallet i 2015. Dei store verksemdene ser ut til å klara seg.

Men ikkje alle lukkast. For mange av dei oppsagte som valde å etablera eigne verksemder i håp om å kunna behalda kontakten med arbeidslivet i regionen byrjar konsekvensane no å verta alvorlege.

Av dei verksemdene som gjekk konkurs i fjor, var vel 40 prosent einkeltpersonføretak. Det vil seia personar som heftar for verksemda si gjeld med bil og hus og alt dei eige.

Einskildpersonføretaka stod i fjor for over 40 prosent av konkursopningane i Region Vest.

Unge verksemder
Dei første åra for ei nyetablert verksemd vert rekna for å vera dei hardaste. Det framkjem ikkje av Brønnøysundregistra når eit einkeltpersonføretak vart registrert. Aksjeselskapa som måtte leggja inn årene i fjor hadde imidlertid ein snittalder på fem år. Mest kortliva var verksemdene i Fjell, der snittalderen berre var tre år.

Dei lengstlevande aksjeselskapa fann vi i Askøy og Øygarden. Å leva lenge treng likevel ikkje vera det same som å ha ein sunn økonomi. Tre av dei konkursråka verksemdene vart registrerte før århundreskiftet, og bidrog til å trekkja opp snittalderen.

Likviditetsskvis
Manglande likviditet i startfasen er oftast det som knekkjer ei verksemd. Ikkje uventa ser det ut til å vera ein samanhang mellom levealder og stiftingskapital også i kommunane vest for Bergen.

Heile 25 av dei 42 konkursråka aksjeselskapa var utstyrt med lova sitt minimum av eigenkapital, 30.000 kroner.

Ti av dei konkursramma verksemdene hadde ein stiftingskapital på 100.000 kroner, to hadde fått med seg ein startkapital på inntil ein million, og ei verksemd hadde heile 1,5 millionar å trekkja på i starten.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.