Kommentar: Kunnskapspreiing, ikkje gapestokk

Nytt år. På tide å oppsummera året som var. Å telja konkursar er ein av fleire oversikter nyhendemedier med respekt for seg sjølv gjerne tek i ferde med i desse dagar.

Å lista opp namna på konkursråka verksemder krev små redaksjonelle ressursar og er redaksjonelt uinteressant. Nettavisa Tunnelsyn.no analyser samfunnsutviklinga bak statistikken.

Nettavisa Tunnelsyn.no offentleggjorde i går ei oppsummering over konkursåret 2018.

72 verksemder i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy måtte kasta korta i året som gjekk, framkjem det av eit einkelt søk i Brønnøysundregistra.

Les: Konkursåret 2018

Å lista opp dei uheldige som måtte ta den tunge vegen til skifteretten krev små redaksjonelle ressursar, men er det god journalistikk? Mange vil vera tilbøyelege til å meina at ei slik opplisting snarare smakar av gapestokk.

Det seier eg ikkje fordi Straumsundet AS, aksjeselskapet som gjev ut nettavisa Tunnelsyn.no, er å finna i konkursstatistikken. Vi gjekk sjølv ut og kunngjorde oppbudet.

Les: Straumsundet AS kastar korta

Journalistikken sine grunnreglar er einkle: kva, kvar, når, kven og kvifor. Kvifor vert i mange tilfelle gløymt. Diverre. For det er gjerne her dei mest interessante detaljane skjuler seg.

Namna på dei konkursråka verksemdene er i dei aller fleste tilfella uinteressant. Talet på konkursar er heller ikkje eigna til dei store overskriftene. Ein analyse av verksemdene bak tala seier derimot noko om utviklinga av det samfunnet nyhendemediene opererer i.

Nettavisa Tunnelsyn.no har som redaksjonell rettesnor å ta opp saker som er eigna til å omtala sider av samfunnsutviklinga i kommunane vi dekkar. Vi ønskjer å gå i djupna i staden for i breidda. Finna dei interessante poenga.

Vår analyse avslørte at meir enn fire av ti av dei konkursråka verksemder i kommunane vestom Bergen i fjor var einskildpersonføretak.

Analysen synleggjer konsekvensane av endringane i den rådande arbeidsmarknadspolitikken siste tiåra. Ei utvikling der mediebransjen diverre har gått i bresjen, med sin omfattande bruk av frilansarar.

Det er hardt å vera gründar, men ein konkurs treng ikkje vera nokon endeleg slutt. Nettavisa Tunnelsyn.no vert framleis oppdatert.

Nettavisa Tunnelsyn.no ønskjer å spreia kunnskap, ikkje hengja ut dei som ikkje maktar presset frå dei politisk ønska endringane på arbeidsmarknaden.

Les: Kommentar: Erna i utakt

Eg deler gjerne erfaringane, med VNR, NCE Media, eller det offentlege verkemiddelapparatet.

Det er lenge sidan ein konkurs innebar tap av borgarrettar. Vi lever eit samfunn der stadig fleire vert tvunge til å gå solo i arbeidsmarknaden. Då bør mediene leita etter forklaringar, snarare enn å hengja ut dei uheldige.

Ein SWOT-analyse av sterke og svake sider ved forretningsidéen er noko av det første ein gründar må gjennomføra. Å få ein viss oversikt over interne styrkar og svakheitar bør for dei fleste vera rimeleg einkelt. Dei eksterne risikofaktorane derimot…

Vi lever i ei tid med rivande teknologisk utvikling, og der samfunnsutviklinga best kan karakteriserast som disrupsjon.

Då hjelper det lite om lokale medier skapar eit bilete av Sotrasamfunnet som ein Kardemomme-idyll med ei handfull økonomiske ”småkjeltringar”. Dei verkelege trusslane ventar like utanfor fjøresteinane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.