Vossafirma stakk av med ståljobb på Sotrasambandet

Sotraverksemd nådde ikkje opp.

Etter andre gongs utlysing kom det inn tre tilbod på entreprisen på kabelkassane til høgspentkablane under Sotrabrua.

Før bygginga av det nye Sotra-sambandet kan ta til må høgspentkablane fra Bergen til Sotra flyttast frå dagens trasé og til stålkassar under dagens bru (th). Illustrasjon: Rambøll.

Det er HMR Voss AS, saman med UniProtect AS, som hadde det lågaste tilbodet på stålkassane som skal monterast under den noverande Sotrabrua og som skal omgje høgspentkablane til Sotra-samfunnet i framtida, ifølgje ei melding frå Statens vegvesen.

Tilbodet laud på 38,5 millionar kroner.

Vossafirmaet stakk av med kontrakten framfor nasen på Vertikal Service AS og Ågotnesverksemda Solid Vedlikehald AS som leverte eit tilbod på 45,2 millionar kroner. Det tredje tilbodet vart ikkje godkjent.

Statens vegvesen reknar med at entrepenøren vil koma i gang med arbeidet alt i slutten av januar.

Entreprisen på kabelkassane inngår ikkje i OPS-kontrakten på bygging av sjølve Sotrasambandet. OPS-kontrakten på vel 10 milliardar kroner eksklusiv finansiering og drift, vil først verta lyst ut på slutten av dette året.

Les: Sotrasambandet kan setja verdsrekord

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.