Dei mest krevjande spørsmåla

Breie smil hos ordførarane Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun då kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden vedtok intensjonsavtalen 17.6.2016. Fylkesmann Lars Sponheim drog i trådane.

Eit knapt år før kommunesamanslåinga skal vera eit faktum, er det omsider tid for politikarane i Fjell, Sund og Øygarden å setja seg ned og freista verta samde om dei verkeleg krevjande spørsmåla.

To tema står på dagsorden når kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden torsdag denne veka har felles møte på Panorama: Skuggebudsjett for 2019, og felles arealplan.

Felles økonomi
Skuggebudsjettet skal freista sjå økonomien i dei tre høgst ulike kommunane i samanhang; inntekter, gjeld og investeringsbehov på ulike sektorar.

Skulestrukturen vil heilt sikkert koma opp på nytt. Trafikksikring og prioritering av vegmidlar er tema ein alltid vil slåst om. Få vil vel verta overraska om eigedomsskatt på næring og dukkar opp på dagsorden.

Intensjonsavtalen dei tre ordførarane underskreiv våren 2016 la rammene for dei komande forhandlingane, saman med mellom anna Inndelingslova.

Nye tema på dagsorden
-Forhandlingane vil heilt klart verta krevjande. Undervegs vil det dukka opp mange problem og vanskar som ein ikkje føreser i dag, spådde fylkesmann Lars Sponheim då samanslåinga var eit faktum.

Les: Nye Øygarden ein suksessnøkkel i kommunereforma

-Fellesnemnda vil måtta gå gjennom alle dei diskusjonane kommunestyra elles kunna ha nytta dei neste ti åra til, la Sponheim til.

Det politiske landskapet har endra seg sidan 2016.

Sterkare sentralisering
Diskusjonen mellom kommunesenter og bygdene er ikkje ny. Regjeringa sin sentraliseringspolitikk, med EØS-avtalen i ryggen, vil garantert sørga for å få opp temperaturen i debatten om ei sterkare sentralisering på Straume og i kommunedelsentra Skogsskiftet og Rong når felles arealplan kjem opp på dagsorden.

-Byvekstavtalen vil påverka arealplanlegginga, medgjekk Sponheim ovanfor kommunestyret i Fjell sist haust.

Les: Ein byvekstavtale vil påverka arealplanlegginga

For å peika i den retninga Erna og Sponheim vil ha oss til å gå, er Håvard Haarstad, leiar for Senter for klima og energiomstilling ved UiB, henta inn for å fortelja om berekraftig samfunnsutvikling og byane si rolle i klima og energiomstillinga. Korleis kan Nye Øygarden sine utfordringar løysast i lys av Parisavtalen, fortetting og nullvekstmålet?

Utanfor mandat
Ikkje alle viktige spørsmål kan avgjerast av Fellesnemnda. Deira mynde er begrensa. No er tida for kommunestyra å setja seg ned kring same bordet og ta fatt på diskusjonen om dei aller vanskelegaste spørsmåla – i fellesskap.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.