Sotra og Øygarden ligg strategiske til for aktivitet i samband med halvparten av dei nye utvinningsløyvene for olje og gass i Nordsjøen.

Dei som har venta på auka aktivitet i den lokale olje- og gassnæringa har i dag fått ei skikkeleg gladmelding frå Oslo.
Olje og energidepartementet har i tildelt rekordmange 83 nye utvinningsløyve på norsk sokkel, melder departementet i ei pressemelding.
37 av dei nye utvinningsløyvene ligg i Nordsjøen, og av dei ligg vel halvparten langs Vestlandskysten, frå Florø og sørover til Stavanger.
Totalt vil 33 oljeselskap få tilbod om andelar i eit eller fleire av utvinningsløyvene. 21 verksemder, både små og mellomstore, får tilbod om operatørskap.
-Det auka mangfaldet av verksemder er viktig for å sikra arbeidsplassar og statlege inntekter framover, seier olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg.
-Dette er det høgaste tallet på utvinningsløyve i ein tildelingsrunde på norsk sokkel. Det er ei god vitamininnsprøyting for norsk sokkel, og bidreg til å halda norsk sokkel attraktiv, seier Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, administrerende direktør i Norsk olje og gass i ein kommentar.
Utvinningsløyva langs Vestlandskysten ligg i dei mest utforska områda på sokkelen. Utfordringa i desse modne områda er at storleiken på funna kan reknast å gå ned. Ikkje alle funna vil difor vera rekningssvarande å byggja ut som som ei sjølvstendig utbygging, åtvarar Freiberg,