Ein krevjande økonomisk situasjon

Den økonomiske situasjonen i Nye Øygarden vil verta krevjande. Vi er nøydde til å ta ut nokre gevinstar.

Underskot på drifta vil gå hardt ut over fonda til Fjell, Sund og Øygarden, fryktar prosjektrådmann Rune Lid. Arkivbilete.

(Saka vert oppdatert.)
Prosjektrådmann Rune Lid teikna ein ganske dyster situasjon i økonomitalen sin til dei 78 folkevalde i det felles kommunestyremøtet for Fjell, Sund og Øygarden i dag.

– Økonomien i den nye kommunen vil ikkje vera bærekraftig. Han vil ikkje tola underskot i UUdei tre kommunane i 2019, hevda Lid.

Prosjektrådmannen ser ingen kvikkfix. Mest mogeleg av ressursane må nyttast til tenesteproduksjon, og vi må få ein organisasjon med færrst mogeleg leiarar, la Lid til.

-Vi er nøydde til å ta ut nokre gevinstar. La stillingar stå ledige, ikkje erstatta folk som går av med pensjon, la Lid til.

Går mot underskot
det ser ut no, vil rekneskapen for første driftsåret i Nye Øygarden gå med eit underskot på 126,7 millionar kroner, noko som og vil skapa press på disposisjonsfondet, hevda prosjektrådmannen.

Den samla gjelda første driftsåret vil utgjera 3,6 milliardar kroner. Tilsvarande 127 prosent av driftsinntektene. Gjelda har auka mykje siste åra, nærare 800 millionar kroner berre sidan 2017.

Det ideelle vert rekna å ha ei gjeld på 80 prosent, ifølgje prosjektrådmannen.

– Gjelda går feil veg, fonda går feil veg, og resultata er ikkje ideelle, konkluderte Lid.

Noko av forklaringa ligg i tap av skatteinntekter som følgje av oljeprisfallet i 2015. Fjell aleine har tapt 87 millionar i inntekter.

Les: Økonomisjefen i Fjell: Vi kjem aldri tilbake dit

Eigedomsskatt

-Nye Øygarden bør i det minste vurdera å innføra eigedomskatt på næring, tenkjer ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Å innføra eigedomsskatt på næring kan vera eit alternativ, som i det minste bør utgreiast. Sund har det i dag. Fjell hadde det inntil årsskiftet. Intensjonsavtalen opnar for det, hevda ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i den etterfølgjande paneldebatten.

Les: Kuttar skatten til dei rikaste, ingenting til dei mest vanskelegstilte

– Dette kan ikkje løysast berre med eigedomsskatt. Vi er nøydd til å kutta kostnadar, innvende Nils Kåre Skoge (H).

-Vi ønskjer jo meir næring. Då er det ikkje rett å skattleggja dei før dei kjem, innvende Silvia Haugland. (TVØ/H).

-Nye Øygarden vil få inn 175 millionar i eigedomskatt. Det er ikkje alle kommunar som har det, hevda Ernst Morten Einarsen (H).

Det er store forskjellar i driftkostnadar per innbyggjar i dei tre kommunane. Medan Øygarden brukar 170.000 kroner per hovud, brukar Fjell og Sund berre 60.000. det vil difor vera eit stort behov for samordning, innvende leiaren for komite for drift i Fjell.

-Det er eindel grep vi er nøydd til å ta som vil vera veldig upopulære, medgjekk Elna Nybakk (SotraLista).

Kutta lønskostnadane
– Lønskonstnaden er det vesentlegaste. Dei utgjer kring 70 prosent. Samstundes vil nok mange ha forventningar om ei harmonisering av lønsnivået. Det vil seia å gå opp, for ingen kan gå ned i løn, men det har vi ikkje råd til, understreka ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

Tom Georg Indrevik.
Optimist. Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell.

-Eg er optimist. Vi har 150 millionar kroner meir å rutta med enn dei fleste norske kommunar. Det avheng likevel at at vi tør å ta dei tiltaka som er nødvendig, sa varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell.

-Innsparingar er krevjande, fordi vi har eindel bemanningsnormar å ta omsyn til. Feil å tru at vil vil verta ferdig med dette innan 2020, understreka Sandahl Bjorøy.

-Kva kan vi som politikarar gjera? Vi er nøydd til å leggja tilrette for å få dei tilsette med oss, sa Espen Harkestad (A).

-Mykje einklare å effektivisera når du har dei tilsette med på laget, understreka Ruben Håvik (A).

-Mykje av nøkkelen til effektivisering av offentleg sektor ligg i førebygging. Klarar vi å dempa behovet for tenester, vil det vera mykje å spara. Det er mange mulighetar for Nye Øygarden kommune. Dette skal vi få til, oppsummerte prosjektrådmann Rune Lid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.