Meinar ho har funne oppskrifta på eit lettare og sunnare liv

Konfrontert med lite flatterande bilete i media valde Marianne Sandahl Bjorøy å gjera noko med det ho sjølv kunne kontrollera. No renn kiloa av.

Førebilete for folkehelse: Mange små, sunne måltid gjennom dagen gjev energi og bidreg til å halda forbrenninga og blodsukkeret oppe, forsikrar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Som ordførar er Marianne Sandahl Bjorøy forplikta til å tala varmt for folkehelse. Å førebyggja vil oftast vera beste løysinga, er ho overtydd om. Når ho vel å dela erfaringane sine med lesarane av nettavisa Tunnelsyn.no er det fordi ho ser at ho kan vera eit førebilete for andre som slit med vekta.

På denne tida i fjor var Marianne Sandahl Bjorøy lite tilfreds med seg sjølv. Lange og uregelmessige arbeidsdagar og liten fysisk aktivitet hadde ført til kiloa sakte, men sikkert hadde lagt seg på sidebeina. Lite flatterande bilete i media fyrte opp under mistrivsla.

– Dette kan eg gjera noko med, tenkte den handlingsorienterta kvinna. Etter at tanken hadde fått modna melde ho seg like godt på kurs i trening og kosthald.

Målet i sikte
-Målet er å gå ned 23 kilo. Då er eg tilbake der eg var som 40-åring, betrur Sandahl Bjorøy til nettavisa Tunnelsyn.no.

Målet nærmar seg, sjølv om det går saktare no enn i starten. På dei vel fire månadane sidan kurset tok til har ho blitt heile 15 kilo lettare, fortel ho.

Tredemølla heime på soverommet har fått blåst av seg støvet. Ei økt på treningssenter i løpet av veka prøver ho og å få tid til. Det er likevel ikkje fysisk aktivitet som er nøkkelen til vekttapet, tenkjer Sandahl Bjorøy.

Mange små måltid
– Omlegginga av kosthaldet er den viktigaste forklaringa. Det gjeld å planleggja dagen, setja av tid til mange små måltid, seier Sandahl Bjorøy.

Kvar dag sidan byrjinga av september har ordføraren i Fjell stilt på jobb på rådhuset på Straume med ei skål med ferdigblanda, heimelaga salat, oppskorne gulrøter og ein pose mandlar i handveska.

Tidlegare vart det oftast berre tid til nokre få måltid i løpet av dagen. Då ho kom heim i 21-tida var ho gjerne så svolten at ho plyndra kjøleskåpet.

Det er det heilt slutt på, forsikrar ho. Sjølv jula sine mange freistingar gjekk det greit å omgå.

Får meir energi
– Ved å innta små, sunne måltid kvar tredje time opprettheld eg ei jamn forbrenning gjennom heile dagen. Samstundes held eg blodsukkeret oppe, slik at eg får meir energi og unngår søtsug, forsikrar ho.

Kosthaldet no er hovudsakleg sett saman av mykje proteinrike råvarer og lite karbohydrat. Kylling og kjøt er ok. Middagen om kvelden går som tidlegare, berre at pasta og ris er bytta ut med bønner og linser. Egg er også ja-mat.

Ta eigne grep
Mange synes det er krevjande å gå ned i vekt. Folkehelseperspektivet går ut på førebyggja, gjennom å gjera folk medvitne på kva tiltak dei sjølv kan gjennomføra for å ta vare på si eiga helse.

– Det å ta eigne grep om kosthaldet er viktig. Det er lett å ty til hurtigmat, men ikkje særleg sunt, forsikrar ei vesentleg lettare Marianne Sandahl Bjorøy.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.