AP vil servera skulefrukost

Vinn Arbeidarpartiet valet til hausten, skal ungane i grunnskulane i Nye Øygarden få skulefrukost.

Arbeiderpartiet sin toppkandidat til kommunevalet i Nye Øygarden er oppteken av sunnt kosthald. Får ho fornya tillit hos veljarane, lovar ho å servera skulefrukost til elevane i grunnskulane.

I eit intervju med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell, kjem Arbeiderpartiet sin toppkandidat i Nye Øygarden, til å røpa litt av innhaldet i partiet sitt valprogram til kommunevalet til hausten.

-Øygarden Arbeidarparti legg vekt på helsefremjande og førebyggjande tiltak. Vi ønskjer difor å prøva ut ei ordning med ei einkel frukostservering på skulane, seier Sandahl Bjorøy.

Førebyggjande
Skulefrukosten har fleire funksjonar: Ikkje alle ungar et, eller får, frukost for dei går heimefrå om morgonen. Ved å tilby skulefrukost sikrar ein at alle ungane får noko å eta før skuledagen tek til. Å sitja i klasserommet på tom mage er ikkje bra, heller ikkje for læringa, er Sandahl Bjorøy overtydd om.

Eit felles måltid før skuletid vil i tillegg ha ein sosial funksjon, og styrka samhaldet og læremiljøet. Slik vil ein kunna bidra til å trekkja med nokon av dei som elles ville ha falle utanfor, tenkjer Sandahl Bjorøy.

Pilotprosjekt
I første omgang kan det vera aktuelt å testa ut ordninga ved tre av grunnskulane i den nye kommunen. Kva skular dette vil vera, kan ho ikkje seia noko om idag.

Ut frå erfaringane får ein seinare ta stilling til om dette er noko som bør gjennomførast i full skala.

Kva ei ordning med skulefrukost vil kosta kommunen har Arbeidarpartiet ikkje rekna på.
– Når læringsevne aukar, vil det føra til at fleire unge klarar seg gjennom den obligatoriske skulegangen, seier Sandahl Bjorøy.

Lønsam investering
– All forsking tilseier at skulefrukosten vil verta ei lønsam investering på lengre sikt. Det er rimelegast å førebyggja. Likevel er det gjerne her samfunnet sviktar, av di førebygging ikkje er lovpålagt. Eg er overtydd om at kostnaden med ei skulefrukost-ordning vert forsvarleg samanlikna med dei gevinstane samfunnet vil hausta når ungane vert eldre, seier Sandahl Bjorøy.

Reint praktisk tenkjer ho at skulane kan henta inn frivillige, til dømes pensjonistar som ønskjer å gjera ein innsats innimellom, til å handla inn og organisera måltida.

Omdiskutert
Skulefrukost er ei omdiskutert ordning politisk. Høgre er mot ordninga. Hordaland fylkeskommune har innført skulefrukost ved samtlege vidaregåande skular i fylket.

Aukande oppslutnad
Ved Sotra vidaregåande skule vart ordninga med skulefrukost innført hausten 2017, ifølgje rektor Magnhild Hakestad.

Dagleg stiller inntil 150 av dei 900 elevane ved skulen i kantina ein halvtime før skuledagen tek til, for å hiva innpå brød og knekkebrød med ost, skinke, leverpostei eller syltetøy. Einskilde dagar vankar det og restar frå kantinemiddagen dagen før.

– Det er aukande oppslutnad om ordninga, skriv Hakestad i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

100.000 årleg
Det er kantinepersonalet, i samarbeid med elevane på linja for hotell og restaurantfag, som organiserer det praktiske ved Sotra vidaregåande.

Innkjøp av råvarer til måltida vert dekka av prosjektmidlar frå fylket. Kostnaden til ekstra løn til kantinepersonalet må skulen dekka av eige budsjett. Her går det med kring 100.000 kroner årleg, ifølgje rektor Hakestad.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.