Sel delikatesser av det nordmenn ikkje vil ha

Salmoncuts AS i Apalvågen fekk gründerpris for forretningsidéen om å eksportera avskjær frå norske lakseslakteri som delikatesser til Asia.

Sidan starten i midten av november har Stian Trellevik og Salmoncuts AS i Apalvågen send 18 tonn slike buklister som delikatesser til ein laksesvolten marknad i Asia og Aust-Europa.

Berre 70 prosent av laksen vert seld som filet til kresne norske kundar. Resten går som avskjær til fiskeoljeindustrien. Det ser Stian Trellevik og André Skoge i nystarta Salmoncuts AS i Apalvågen som ein lønsam forretningside.

-Marknaden finst. I Asia og delar av Europa vert lakseavskjæret rekna for å vera delikatesser, seier Trellevik.

Det kan den premierte gründaren seia etter å ha jobba tre år som seljar for nett slike produkt for den tidlege arbeidsgjevaren sin.

Merkjevare
Under havbruksmessa Aqua2019 sist veke vann Salmoncuts AS førstepremien for beste oppstartidéen i konkurranse med 41 andre gründerverksemder.

Som vinnar av ”Gründerjulepresangen” får dei eksperthjelp til mellom anna marknadsføring, design, jus, rekneskap og avtaleoppsett tilsvarande 250.000 kroner gjennom heile dette året.

-Den store utfordringa vert å innarbeida merkjevarenamnet Salmoncut i marknaden. Og det er særleg her gründerjulepresangen kan koma til nytte, håpar Trellevik.

Kjøt- og smaksrik
– Vi har dei aller beste føresetnadane for å lukkast. Samlokaliseringa med Vågen Seafood AS i Apalvågen gjer at Salmoncut får tilgang til råvarer av beste kvalitet, skryt gründaren.

Kjøtet i hovud, ryggbein og buklist på laksen er både smaksrikt og rikt på omega3-feittsyrer.

Tilberedt som sushi, supper, fritert eller røykt som snacks, vert buklista forvandla til delikatesser. Slik kan vanlege asiatar få ein smak av norsk laks til ein akseptabel pris, utdjupar fiskeeksportøren.

Ferskare får du det ikkje. Innan ein time etter at laksen er slakta har Salmoncuts fråskore, sortert, pakka og lagt råvarene på frys. Det at laksen vert handslakta inneber at fråskjæret inneheld langt meir kjøt enn om han vert slakta maskinelt.

Vinn-vinn
Det er uansett små marginar det er snakk om. Når alle andre kostnadar er rekna med, håpar Trellevik å kunna sitja att med 25 prosent av marknadsprisen til løn og forteneste.

For å få tilgang til dei beste råvarene har Salmoncuts skapt konkurranse om det beste avskjæret. Dei tek sikte på å skapa ein vinn-vinn-situasjon også for lakseslakteria. Eit vanleg, middel stort lakseslakteri produserer kring 5 tonn avskjær om dagen. Ved å selja til Salmoncuts framfor til fiskeoljeproduksjon kan slakteriet doble inntekta på avskjæret, anslår Trellevik.

Alt er seld
Logistikken og frysekapasiteten er dei andre store utfordringane for oppstartverksemda. Så langt har dei investert oppimot 200.000 kroner i eige fryselager med kapasitet til å frysa inn 5 tonn for dagen.

– Marknaden er der, så framt vi berre klarer å produsera. Alt vi har produsert så langt har blitt seld fortløpande, smiler den nøgd gründeren som starta for seg sjølv i midten av november i fjor.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.