Tørkeramma bønder får erstatning

Bøndene i Øygarden er dei i region Vest som får utbetalt høgaste avlingsskadeerstatninga etter den lange, tørre sommaren i fjor.

Slike tørre bakkar var eit vanleg syn mange stadar sist sommar. Foto: Øyvind Vatshelle/Fylkesmannen i Vestland.

Den lange, tørre sommaren ramma bøndene i Hordaland hardt. Avlingane av gras, frukt og bær svikta.

No har fylkesmannen i Vestland fått oversikt over skadane hos bøndene.

Til saman 17 gardbrukarar frå Fjell, Sund, Øygarden og Askøy fekk innvilga søknadane sine om avlingsskadeerstatning for fjorårssommaren, viser oversikten frå fylkesmannen.

Frå vår region kom det inn flest søknadar frå Askøy. Største erstatningssummane var det likevel bøndene i Øygarden som fekk utbetalt. Totalt får 17 lokale bønder utbetalt 830.970 kroner (sjå tabell nederst i saka).

Mangedobla
I eit vanleg år får fylkesmannen inn 20 søknadar om erstatning på grunn av avlingssvikt. For 2018 var talet mangedobla. Då kom det inn heile 316 søknadar frå heile Hordaland, ifølgje fylkesmannen i Vestland.

Aller verst gjekk det ut over bøndene i Voss og Sveio. Totalt har fylkesmannen betalt ut 23,9 millionar kroner i avlingsskader i Hordaland for fjoråret. I snitt fekk kvar av dei tørkeramme bøndene utbetalt 80.000 kroner i erstatning for tørkesommaren.

Tørken ramma særleg avlingane av grovfor. Fint vêr over heile Sør Norge førte til prispress og tvang i tillegg bøndene til å dra langt for å kjøpa for. Erstatningssummen er difor høgare dette året enn tidlegare.

Avlingsskadeerstatning frå fylkesmannen 2018 Søknadar Erstatningssum
Sund 4                124 186
Fjell 2                159 829
Øygarden 5                329 694
Askøy 6                217 260
Totalt 17                830 969
Hordaland 316          23 945 199
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.