Skapar digitalt hamnelaboratorium

Norske hamnar er i ferd med å verta autonome. Grieg Logistics AS og dagleg leiar Michelle Williams har ambisjonar om utfordra shipping- og hamnemiljøa i Bergensområdet på kva som er mogeleg å få til.

– Vi må våga å utfordra eigen organisasjon og forretningsområde, oppfordrar dagleg leiar Michelle Williams i Grieg Logistics AS.

Grieg Logistics AS er børsnoterte Grieg Gruppen sitt dotterselskap for digitalisering av aktivitetane innan shipping og sjømat. Som dagleg leiar er Michelle Williams ansvarleg for å sjå i krystallkula for komande trendar. Framtidas hamn var temaet for dagens Havlunsj.

For leiaren i Grieg Logistics fortonar hamnane i Bergensområdet seg som eit digitalt laboratorium.

-Innan tre til fem år vil norske hamnar og terminalar vera dei smartaste og mest konkurransedyktige i verda, hevdar Williams. Sjølv ønskjer ho å vera med på å driva utviklinga.

Tre fasar
Den tidlegare operasjonssjefen ved CCB AS på Ågotnes har ambisjonar om å vera den som hjelper norske hamnar å ta spranget frå papir til skjerm. Vekk med papirskjema, permar og whiteboards. No er det data, skylagring og fjernovervåking som tel.

Vegen mot ubemanna, sjølvstyrte hamnar vil skje i tre fasar fram mot 2030, spår Williams.

Som eit første skritt på vegen vert Grieg Star sine skip knytte saman i eit felles digitalt nettverk og fjernovervaka frå Grieg Gruppen sin nyetablert operasjonssentral. Her får personalet tilgang til enorme datamengder. Berre AIS – det automatiske overvakingssystemet frå fartøya – sender inn utfattelege 35 milliardar posisjonar i løpet av eit år.

Samstundes snakkar dei med aktuelle samarbeidspartnarar om nettverket kan utvidast til også å omfatta hamnar og terminalar.

Kartleggja seglingskorridorane
Posisjoneringsinformasjonen vil dei i første omgang nytta til å teikna ”roadmaps” over seglingskorridorane.

– Saman med informasjon om avstandar og hastighet, vil vi kunna rekna ut faktisk ankomstid til planlagt hamn med ein nøyaktighet på 96 prosent, seier Williams.

Fleirbruk av dataene gjer det mogeleg for operasjonssentralen å planleggja og effektivisera kvar einskild reise. Her kan dei rekna ut både kva som vil vera den raskaste ruta, og kva som vil vera den kortaste ruta.

Gjennom tidleg identifikasjon av avvik frå seglingskorridoren vil det og vera mogeleg å predikera og hindra grunnstøytingar. Eit potensiale forsikringsselskapa – ikkje overraskande – ser som svært interessant, ifølgje Williams.

Fjernstyring
Innan 2025 skal det digitale nettverket vera så utbygd at samtlege oppkopla einingar skal kunna fjernstyrast.

Reiarlag og fartøyeigarar vil etterkvart få tilbod om elektronisk sjølvbetening for dei tenestene dei vil få behov for når dei kjem i hamn. Dei vil og få tilgang til priskalkulatorar, til dømes for bruk av landstraum, vatn eller drivstoff. Faktureringa vil skje automatisk, etter målt forbruk, ifølgje Williams.

Tidlegast 2030
For dei som er utolmodige etter at hamnane i Bergensområdet skal verta autonome, kan Williams ikkje lova noko før tidlegast 2030.

– Verkeleggjeringa av kvar av fasane vil stilla store krav til innovasjon, understrekar Williams.

Undervegs må det utviklast ei rekkje nye elektroniske løysingar. Dess lenger fram i tid, dess meir usikkert er det korleis løysingane skal utformast.

– Vi må våga å tenkja kortsiktige løysingar i eit langsiktig perspektiv. Våga å investera, leggja til rette for innovasjon, og setja av kapasitet til å gjennomføra, seier Williams.

Våga å utfordra
Skal ein lukkast vil det vera viktig å våga å utfordra eiga verksemd, og setja eige forretningsområde under lupa. Kan hende vil ein gjennom partnarskap og samhandling kunna utvikla heilt nye og langt meir effektive løysingar enn om ein jobbar kvar for seg, spår dagleg leiar Michelle Williams i Grieg Logistics AS.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.