Vil laga smarthamn på Ågotnes

Ser fram til å flytta til Ågotnes, fv. styreleiar Tom Georg Indrevik og hamnedirektør Johnny Breivik i Bergen og omland Havnevesen.

Den nye offentlege hamna på Ågotnes skal lokka nye kundar gjennom å tilby smarte hamnetenester, ikkje kopiar av dei manuelle tenestene transportørane nyttar på Dokken i dag.

I påvente av eit prinsippvedtak i Hamnestyret om å investera i ei ny hamn på Ågotnes, har hamnedirektør Johnny Breivik og styreleiar Tom Georg Indrevik i Bergen og omland Hamnevesen alt byrja å planlegga flyttinga av hamneverksemda ut frå Bergen sentrum og til CCB på Ågotnes.

Etableringa av ei ny offentleg hamn på Ågotnes er kostnadsrekna til 600 – 700 millionar kroner, investert over lang tid, seier Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no.

Meir gods over på sjø
Intensjonen er å få meir gods over frå veg til sjø. Partnarane på Ågotnes jobbar mot trenden i tida. For at den nye hamna skal så effektiv som mogeleg, må Bergen Hamn mellom anna investera i eit teknologisprang – vekk frå dagens manuelle tenester til smarte løysingar basert på fjernstyring og med skylagring av informasjon, seier Breivik.

Nett kva som må til av nye, digitale tenester, er hamnedirektøren førebels usikker på:
– Vi må utfordra oss sjølv og vår eiga verksemd kvar einaste dag. Ei offentleg hamn på Ågotnes skal verta ei smart hamn, lovar Breivik.

Han seier det ikkje direkte, men det er liten tvil om at ei smart hamn med eit breidt tilbod av digitale løysingar vil ha behov for vesentleg færre tilsette enn det dagens hamn på Dokken har.

Reginonalt knutepunkt
I samarbeid med mellom anna Grieg Logistics AS håpar Breivik å kunna etablera eit regionalt knutepunkt for sjøtransport på Ågotnes. Transportørar som i dag sender gods til Oslo-området, for landevegs transport vidare over fjellet til Bergen, skal i staden få tilbod som gjer at dei finn det attraktivt å frakta varene sjøvegen heilt fram til Bergen.

Les: Skapar digitalt hamnelaboratorium for Bergensområdet

Sotrasambandet?
Bygginga av den fysiske hamnestrukturen, som kaifrontar for mottak av gods, skal etter planen stå ferdig neste år, ifølgje Breivik.

Korleis unngå å belasta det alt sprengte Sotrasambandet med meir trafikk, er eit spørsmål som opptek mange, både på Sotrasida og i Bergen. På spørsmål om korvidt ferdigstillinga av kaifrontane betyr at Bergen Hamn ønskjer å gjennomføra sjølve flyttinga så snart som mogeleg, eller om dei vil utsetja den til etter at nytt Sotrasamband står ferdig, svarar hamnedirektøren unnvikande.

-Brukaranalysene viser at tid er kritisk. Kundane ønskjer ikkje at lastebilane deira skal verta seinka av kø, seier Breivik.

I ein overgangsperiode kan det vera at omlastingar og auka bruk av kaiområda på Mongstad kan redusera noko av presset på Sotrasambandet, antydar hamnedirektøren.

Aksjeselskap
Første steget no vert å omdanna dagens interkommunale selskap til aksjeselskapet Bergen Hamn AS.

Den noverande leiinga av CCB AS har signalisert at dei ønskjer seg eit framtidig offentleg – privat-samarbeid, helst med eit 50 : 50 eigarskap for drifta av den nye hamna. Indrevik ser likevel ikkje for seg at det vil verta aktuelt for Fjell, eller Nye Øygarden kommune, å sprøyta inn ekstra offentlege midlar til drifta av ein lokalt hamneselskap, utover dei 40 millionane som vart vedtekne sist vår.

Les: Fjell vil kjøpa hamneaksjar

Les: -Burde heller ha konvertert gjeld til aksjar

Det er avklart at det nye selskapet vil få med ein eigenkapital på ein milliard kroner. 550 millionar kroner vil stå på kontoen den dagen aksjeselskapet vert etablert. Resten vil verta frigjeve etter kvart som areala på Dokken vert frigjevne, seier Indrevik.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.