-Her kan dei redusera køen

-Det er mogeleg å redusera trafikkøane på Sotrasambandet gjennom Drotningsvik, hevdar pendlarane John Erik Pål Nybøe og Sigbjørn Hernar. I statens vegvesen ser dei ikkje poenga.

Ein jamn straum av bilar frå Drotningsvikvegen skapar kø når dei vil ut på R555 ved Drotningsvik senter i ettermiddagstimane. Sigbjørn Hernar (tv) og John Erik Pål Nybøe.

Dei to dagpendlarane frå Sotra til Kokstad har sett seg leie på alle forseinkingane på Sotrasambandet gjennom Drotningsvik.

Mange påkøyringspunkt
Det er altfor mange stadar i Drotningsvik der bilistar vil inn i køen på R555. Slike punkt skapar forseinkingar. Flest mogeleg av dei bør fjernast, er Nybøe og Hernar samde om.

Etter dagleg reise over Sotrasambandet med god tid til å studera den saktegåande trafikkflyten, er det særleg to flaskehalsar som peikar seg ut, ifølgje dei to pendlarane.

-På desse stadane trengs det tiltak, er Nybøe og Hernar samde om.

Respekterer ikkje skilta

-Her er elbilane nøydde til å svinga av, hevdar fv. John Erik Pål Nybøe og Sigbjørn Hernar.

Elbilar har lov å køyra i kollektivfeltet. Det gjeld likevel berre på strekkja frå Godvik til avkøyrsla til Drotningsvik senter. Der viser skiltinga at elbilane må å ta av til høgre. Den skiltinga er det likevel få som følgjer. Fleirtalet av elbilane føl i staden kollektivfeltet heilt fram til Sotrabrua, ifølgje dei to.

-Skal skiltinga verta respektert, bør Politiet visa seg her oftare, hevdar John Erik Pål Nybøe og Sigmund Hernar. Nybøe tok biletet under ein kontroll 15. oktober i fjor.

-Politi og Statens vegvesen bør følgja opp skiltinga ved Drotningsvik senter med kontrollar frå tid til annan. Bøtene på 5.200 kroner ville svidd såpass at det fekk effekt på køen heilt ved byrjinga av brua, er dei overtydde om.

-Utan kontrollar vert skilta ikkje respektert, seier Hernar og Nybøe.

Snikkøyring
Alle snikkøyrarane frå Godvik gjennom den smale Drotningsvikveien, og som svingar ut på R555 ved Drotningsvik senter, er den andre flaskehalsen dei to pendlarane meinar det bør gjerast noko med.

Medan vi stod der i halvtimen frå 15.15 – 15.45, kjem det ein jamn straum av bilar frå Drotningsvikvegen som vil ut på R555 retning Sotra.

I rushtida på ettermiddagen passerer inntil 450 bilar i timen – fjerdeparten av trafikken gjennom døgnet, ifølgje tal Hernar har fått frå Statens vegvesen.

-På det smalaste har Drotningsvikvegen berre plass til ein bil i breidda. Her bør det skiltast med gjennomkøyring forbode i rushtida. Bilistane vil då verta nøydde til å køyra ut på R555 ved Rema1000 istaden, hevdar Hernar og Nybøe.

Vart ikkje høyrt
Pendlarane har freista gjera ”rette instansar” som Politi og Statens vegvesen merksame på kva tiltak dei meinar må til. Så langt utan å få gehør.

-Å etablera forbod for elbilar i kollektivfeltet vil føra til fleire køyretøy i ordinære felt, noko som kan føra til enno meir kø enn i dag, innvender dei i Statens vegvesen.

Det er heller ikkje aktuelt å skilta med gjennomkøyring forbod i Drotningsvikvegen.

Det er vanskeleg å skilta med gjennomkøyring forbode på ei såpass lang strekkje som Drotningsvikvegen på ein måte som er god og forståeleg for alle trafikkantar… Politiet vil og ha vanskar med å overvaka ei slik skilting, grunngjev Statens vegvesen avslaget.

Advertisements

2 Comments

  1. Et skilt ved påkjørselen til rv555 fra Drotningsvik veien med forbud mot på/gjennomkjøring i rusjtiden skulle vel være veldig enkelt å få til.
    Jeg bor i Drotningsvik,og opplever «rallykjøring»hver dag på dette veistrekket,da mange av de som kjører her er dem som har det aller,aller mest travelt.Det virker på meg som om et økende antall bilister bruker å kjøre om Godvik for å spare noen minutter,noe Drotningsvikveien,som ble bygget som nødsarbeidsprosjekt på 30-tallet på ingen måte er i stand til å absorbere.Jeg er forbauset over at ikke slike enkle tiltak som en begrensing av den tildels hasardiøse kjøringen ikke forlengst er gjennomført,med tanke på de ekstra stopp/kø det medfører på en allerede hardt belastet Sotravei/bro.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.