Børsnotert utdanningsskjede siktar mot Fjell

Barnhagekjeden Espira ønskjer å etablera seg i Fjell. Foreldre som ønskjer å senda ungane i ein forskarfabrikk-barnehage må likevel smørja seg med tolmod.

Illustrasjonsfoto: Espira.

Det var i november i fjor at barnehagekjeden Espira kjøpte to tomtar i byggjefeltet Brurasteinane i Fjell frå utbyggjaren JM Norge. For det delvis opparbeidde arealet på nær 6,5 mål, regulert til barnehage, betalte Espira 10 millionar kroner.

Langsiktig
– Dette er eit strategisk oppkjøp, medgjev kommunikasjons- og organisasjonsdirektør Jens Schei Hansen i Espira i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no

Noko bygging vert det ikkje med aller første. Først om fem til sju år reknar konsernleiinga med at barnehagen med plass til 140 – 150 born kan stå klar til opning.

– Når og korvidt det vert ein barnehage der kjem an på framdrifta i det planlagte bustadprosjektet, og dialogen vår med kommunen, skriv Schei Hansen.

Konkurranse om ungane
– Vi har stor tru på ei positiv folketalsutvikling i kommunane rundt Bergen, skriv kommunikasjons- og organisasjonsdirektøren.

Fjell er ein ung kommune. Konkurransen om ungane er sterk.  Vel 1.500 barnehageungar ved utgangen av 2017 tilseier ei barnehagedekning på 88 prosent. Berre kvar fjerde unge går i ein kommunal barnehage.

Forskarfabrikkar
Fleirtalet av barnehagane til Espira vert kalla «forskarfabrikkar». Det vil seia at ungane får utforska og eksperimentera med realfag. Det er ein slik Espira planlegg å etablera i Fjell.

Børsnotert
Med eit 100-tals barnehagar kringom i Norge er Espira er ein av dei største private aktørane innan sektoren.  I Hordaland driva dei alt 16 barnehagar, mellom anna i Bergen, Askøy, Os og Meland.

Espira er ein del av det børsnoterte nordeuropeiske utdanningskonsernet AcadeMedia som driv barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og vaksenopplæring.

Espira har norsk hovudkontor på Karmøy. Hovudkontoret til AcadeMedia ligg i Stockholm.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.