Gjestekommentar: -Kor lenge er «mellombels»?

Statens vegvesen sine planar om at trafikken på ny Fv555 til Sund framleis skal gå gjennom Fjell Gard lagar dårleg stemning i bygda.

R555 har 40-sone gjennom Fjell Gard forbi Fjell kyrkje. Arkivbilete.

Av Bjarne J. Fjell

Mandag 28. januar 2019 vart det i regi av Fjell Grendalag halde ei orientering om potensiell vegtrase Sør, ved Einar Lunde frå Fjell kommune/Statens Vegvesen.

Les: Nye Øygarden nord – sør i 80 kilometer i timen

Det vart der særskilt peika på vegstrekket gjennom Fjell Gard frå Tellnesskogen til Halvgjedalen. Ei slik løysing blei i 2009 forkasta av kommunestyret og eit einstemmig kommunestyre vedtok kommunedelplan for Sotrasambandet, del 2.
Vi får no lagt føre oss ei «mellombels» løysing, der trafikken frå og til Søre Fjell og Sund vert ført gjennom Fjell gard. Ei løysing til 245 millionar, 20% av det vedtekne alternativet(?).

Prosjektet består av tunnel under Krossleite og ein veg som er dimensjonert lik den nye permanente vegen vidare sørover. Det skal vel ikkje mykje fantasi til for å skjøna at dette er tenkt skal verta den permanente løysinga nok, og at den vedtekne traseen med lang tunnel aldri vert realisert. Vi vil difor gjerne ha eit tydeleg og realistisk svar på kva som blir lagt inn i omgrepet «mellombels»! Den «mellombelse» løysinga vert raskt eit alibi for kommune, fylke og vegvesenet til å legga det vedtekne alternativet vekk, og slik sikrar den raskaste og billegaste løysing – samt ein garantert rasering av den historiske bygda Fjell.

Det vart av kommunen og vegvesenet sine representantar pynta på saka med at Fjell sentrum skulle det ikkje gjerast noko med.

Vel, om prognosane for trafikkauken som vart lagt føre slår til, vert det i løpet av få år ei dobling av trafikken i høve til i dag; og det gjennom ei 40-sone med vegkryss, butikk, kyrkje, og til dels smal køyrebane. Det er det ikkje vanskeleg å sjå for seg kva forhold me då vil ha i vente. Då er det eigentleg eit paradoks at ein parerer med at ein ikkje tenkjer å gjera noko med Fjell sentrum – det måtte ein nemleg då ha gjort.

Les: Ny fv. 555 Kolltveit – Austefjorden: – Styr unna denne flaskehalsen

Vårt inntrykk etter orienteringa, er at det er Krossleite som er det store problemet, i alle fall for vegvesenet. Kvart år har vi, om lag ein til tre dagar der det er så vanskelege tilhøve at det stoggar trafikken. Om dette hadde kosta samfunnet ein million i året, så hadde ein hatt over 150 år med god beredskap og overkomeleg trafikk utan stans, om ein hadde brukt midlane der heller enn i til ei «mellombels» løysing.

Det vart i si tid lova ekstra beredskap i Krossleitbrekka ved vanskelige føreforhold; vegen skulle ha «svart asfalt» året rundt. Fredag 25. januar kom det første snøen som la seg i år. Først ein time etter at kaoset var eit faktum, såg vi første brøytebilen stå i køen sørover. Elles ser vi stadig brøytebilar farande forbi på tørr asfalt med skjæret nede så gnistspruten står. Beredskapen har altså svikta, og ein kan neste spekulera i om det er planlagt. Løysinga dykkar: å laga ein «mellombels» tunnel til 169 mill.

Eit alternativ til denne tunnelen vart også lagt fram; Ny veg over Krossleite, då i same standard som nye hovudveg elles, med krabbefelt (løysinga finn ein berre to av i Hordaland) og ei senking av toppen med 12-14 meter og ei heving på to meter i botnen av bakken. Det høres her ut som ein skjer av seg haka i staden for å barbera seg. Ein kan her og spekulera i om dette vart gjort som eit grep for at kostnaden skulle tilsvara tunnelløysinga.

Eit alternativ med ein enklare utbetringar av svingane oppover Krossleitbrekka vart ikkje direkte avvist av vegvesenet, men midlar til slike prosjekt var det visst vanskeleg å få prioritert. Så i staden for å sørgja for auke i desse midlane og kanskje spara 150-200 millionar av skattebetalarane sine pengar, vart ikkje denne løysinga aktuell. Denne type tankegong er eit direkte hån mot samfunnet. Årsaka til at det vart spørsmål om enklare og billigare løysingar, var at dette tross alt skulle væra ei «mellombels» løysing, og at pengane – og ikkje minst kreftene – heller skulle nyttast til å få fortgang i arbeidet med ein lang tunnel.

Dersom politikarane i Fjell, samt Vegvesenet, likevel vel å godkjenna dette «mellombels» prosjektet på tross av vedtaka i 2009, ber eg om at det vert teke omsyn til dei kulturminna og krigsminna som ligg i og omkring tunnelinnslaga og vegfyllingane. Området har vore landbruksområde i fleire hundre år, og er eit vakkert kulturlandskap, spedd i med kulturminner. Blant kulturminna på eigedomen finn ein kanskje det eldste vegstrekket vi har i kommunen – eit stykke veg som har vore ein del av «den gamle korsveg» – ein pilgrimsveg mellom Fjell kyrkje og Tellnes. Dette må vurderast inn i den kommande kulturminneplanen, og ein må gjera politisk nivå merksam på den tabben det kan vera å øydeleggja eit så viktig kulturminne. Tunnelinnslaget skal i tillegg gå midt i Russarleiren, eit krigsminne av stor symbolsk karakter. Det vil vera ein stor skam om ein i det heile teke vert vurdert å rasera eit slikt viktig kulturminne.

Eit slikt stort inngrep i kulturlandskap, kulturminne og natur, som er «førebels» er uhøyrt. Om det er eit «førebels» tiltak, så bør det vera så inngrepsmjukt som mogleg, slik at når hovudprosjektet er ferdig, vert landskapet ført tilbake til slik det var. Det er heilt klart at det vil ikkje vera mogleg ved eit bygging av ein slik tunnelløysing.

Vi stiller oss i tillegg undrande til at det ikkje er, i samskaping med innbyggjarane, gjennomført ein prosess med å sjå på korleis slike løysingar vil påverka bygda. Vi skjønar godt at dette ikkje har blitt gjort, då det sjølvsagt vil raskt setja løysingane de beskriv i dårleg lys. Bumiljø og trivsel i bygdene er viktige for både Fjell kommune og den nye kommunen – seier dei. Men i dette tilfellet kan det tydelegvis sjåast bort frå.

Dersom politikarane i Fjell, samt Vegvesenet likevel set i gong detaljprosjekteringa, må det plasserast inn att busslommer ved Gjerdet kulturminnegard, samt markerte overgongar for mjuke traffikantar. I tillegg må det leggjast opp til høg grad av støyskjerming, og gjevast moglegheit for å flytte bustad med adresse Eldhusbakken 2.

Som grunneigar ved dei to sidevegane Eldhusbakken og Bankesteinsvegen må det diskuterast med meg om avståing av grunn for busslomme på vestsida av vegen. I dette området soknar det 12 hus, og det må takast omsyn til Gjerde kulturgard, start av turstiane Russastegen og Nordsjøløypa.

Les: Gjestekommentar: Lag gang- og sykkelsti på Søre Fjell

Som eigar av store delar av grunnen der tunnelen kjem til å ha sitt nordre utløp (Sjurbotn), reagerer vi sterkt på at vi først no privat får melding om planane, og ønskjer ikkje å avstå grunn der. Eigedomen må i beste fall eksproprierast, då det overhode ikkje er familien sin vilje å øydeleggja eit kulturlandskap og natur på ein lik kortsiktig tenkt måte.

Med dette sagt, ønskjer vi å stilla oss sterkt kritisk til på dårleg medverknad og misbruk av lokaldemokrati so langt. Vi håpar det endrar seg raskt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.