100 ungar manglar barnehageplass

100 ungar i Fjell står for tida på venteliste på barnehageplass. Ei løysing peikar seg ut.

Eit godt tilbod av barnehageplassar er noko av det som gjer ein kommune attraktiv, seier barnehagesjef Margun Landro til nettavisa Tunnelsyn.

Det argumentet kan ikkje Fjell nytta for å gjera seg lekker i konkurransen om nye innbyggjarar for tida. Ved årskiftet stod 100 ungar med heimeadresse i kommunen på venteliste på barnehageplass, medgjev Landro.

-Heldigvis klarte vi å skaffa plass til alle med rett på barnehageplass, understrekar barnehagesjefen.

Konjunkturavhengig

Barnehagesjef Margun Landro har klart å skaffa barnehageplass til alle med rett på plass, men framleis står 100 ungar på venteliste.

Dei som står på venteliste er anten fødde så seint på året at dei ikkje kom med i opptaket, eller dei høyrer til i ein av dei mange bornefamiliane som flytta hit i løpet av fjoråret.

Noko prognose for utviklinga i behovet for barnehageplass i åra framover, tør barnehagesjefen ikkje leggja fram. Søknaden til barnehageplass er konjunkturavhengig, og varierer mykje, har barnehagesjefen fått erfara. For få år sidan hadde kommunen ledige barnehageplassar. Oljeprisnedturen og den høge arbeidsløyse førte til at fleire småbarnsfamiliar såg mogelegheiten til å ha ein av foreldra heime, med kontantstøtte. Betringa på arbeidsmarknaden har ført til at fleire har kome seg i jobb, og dermed aukar presset på barnehagane.

Akutt
1. mars går søknadsfreisten ut for dei som vil ha barnehageplass frå hausten av. Det hastar med å finna ei løysing som kan auka tilbodet. Ingen av dei private barnehagane i kommunen er for tida i gang med nybygg eller påbygg, sjølv om ein av dei skal ha varsla at dei vurderer å utvida kapasiteten, ifølgje Landro.

Espira, som nettavisa Tunnelsyn omtalte før helga, planlegg ikkje å ha sin barnehage klar til opning før om fem til sju år.

Les: Børsnotert utdanningskjede siktar mot Fjell

Liljevatnet

Omgjering av Liljevatnet skule til barnehage peikar seg ut som den mest nærliggjande løysinga på korleis auka talet på barnehageplassar i Fjell, ifølgje barnehagesjef Margun Landro.

-For å auka talet på plassar alt frå hausten av, er det ei løysing som peikar seg ut, seier Landro.

Barnehagesjefen har fått i oppdrag å greia ut om, og eventuelt korleis, Liljevatnet skule, som etter planen skal leggjast ned til sommaren, kan omgjerast til barnehage.

Les: – Vil leggja ned utstillingsvindauge

-Dette arbeidet tek vi fatt på no. Politikarane skal få ei sak på det utpå våren, seier Landro.

Dyre alternativ
Foreldre som ikkje får barnehageplass i heimkommunen, søkjer gjerne plass i nabokommunane. Det står dei fritt til å gjera, men for Fjell er dette er ei dyr løysing, av di Fjell då må dekka kostnaden til vertskommunen.

Fjell må no ut med fleire millionar kroner årleg for å dekka kostnaden til unge fjellsokningar som går i barnehage i Bergen eller ein annan av nabokommunane. Ei utvikling som går i feil retning, ifølgje Landro.

Les: Barnehageflukt kostar for Fjell

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.