Avslører planane for Bildetangen

Etter 14 år og 50 millionar kroner i investeringar, byrjar Liegruppen AS omsider å sjå første delmålet i planlegging av gigantutbygginga på Bildetangen innan rekkevidde.

Området som er sett av til sentrumsføremål i planar for Straume.

«Apalneset» og «Bildeporten». Du kan like godt læra deg namna med ein gong. Dette skal verta det nordlegaste og det sørlegaste kvartalet i den framtidige busetnaden på Nordre Bildøy, tenkjer dei i Liegruppen AS.

Tapet av konkurransen om plasseringa av eit kunnskapssenter i tilknyting til nye Sotra vidaregåande skule har ikkje teke lufta ut av den lokale eigedomsutviklaren sine planar om å byggja ein heil bydel med 7.000 – 10.000 innbyggjarar på Nordre Bildøy.

Tysdag presenterte Liegruppen AS det dei håpar skal verta dei overordna prinsippa i den komande områdereguleringsplanen for politikarane i Komitè for plan og utvikling.

-Ingen veit korleis dette vil verta sjåande ut. Dette er berre eit forslag, understrekar Jan Arthur Nilssen i Liegruppen AS.

Målet er å ha første utkastet til områdereguleringsplan klart til politisk behandling før ferien, håpar dei.

Store investeringar

Store investeringar. Før dei kan byrja å byggja, reknar Roy-Eddy Lie (tv) og Jan Arthur Nilssen i Liegruppen med å ha investert ein stad mellom 100 og 150 millionar kroner på Bildetangen.

Det har vore ein lang og kostnadskrevjande prosess så langt:
-Sidan planlegginga tok til for 14 år sidan har Liegruppen AS investert 50 millionar kroner berre i planlegging, seier eigedomssjef Roy-Eddy Lie til nettavisa Tunnelsyn.no.

Før sjølve bygginga kan ta til reknar eigedomsjefen med at dei må ut med ytterlegare 50 – 100 millionar kroner til naudsynt infrastruktur, som vatn, avløp og vegar.

Går alt etter planen, vil dei første innbyggjarane kunna setja nøkkelen i døra samstundes som det nye Sotrasambandet opnar, vonaleg i 2025, seier Lie.

Kor lang tid gigantutbygginga vil ta? Folkeveksten, og marknaden avgjer. Kan hende vil alt stå ferdig om 30 år, kan hende vil det ta 50 år, antydar eigedomssjefen.

-Liegruppen kan ikkje gjera alt dette aleine. Vi vil ha behov for samarbeidspartnarar, både når det kjem til kompetanse, finansiering og for å spreia risikoen. Sett av vi bommar, seier Lie.

I den lokale utbyggjarverksemda var dei lenge overtydd om at det nye Sotrasambandet vil utløysa ei ny bølgje av tilflytting, tilsvarande den vi opplevde då den første brua opna i 1971. No er dei ikkje lenger like sikre. Kan hende skjer det ting som gjer at det nye brusambandet vil få motsett effekt.

Områdevis utbygging

Hovudgate, vegnett og kvartal for bustadbygging. Den første skissa til områderegulering på Bildetangen. Illustrasjon: Opus.

På eit område på storleik med Nordnes legg Liegruppen AS opp til ei områdevis utbygging fordelt på seks kvartal, kvart på 8 – 20 mål.

Ei langsgåande hovudgate, 1,2 kilometer lang og 20,5 meter brei, skal binda saman nord og Sotrasambandet i sør.

Med unntak av Apalneset og Bildeporten vert størsteparten av arealet planlagt til bustadar, framkjem det av presentasjonen Lie og Nilssen haldt for medlemmane i KPU.

På Apalneset skal det verta bymessig busetnad, med blokker på inntil kan hende 14 etasjar. Men det vil og verta plass til kai, hamn og torg.

– Det er krav om høg arealutnytting. Ved å konsentrera busetnaden einskilde stadar, vil det likevel verta plass for område med småhus og rekkjehus. Folk vil bu forskjellig. Alt skal ikkje verta likt, seier Lie.

Eigedomssjefen er tydeleg på at Liegruppen ikkje har noko ønskje om å kopiera det dei har gjort på Straume.

Bildeporten vert, som namnet antydar, det sørlegaste kvartalet, attmed det nye Sotrasambandet. Her vert det planlagt kontorbygg, som skal fungera som støyskjermar for bustadane nordanfor.

Hytteområdet
Forslaget til områderegulering vil i hovudsak omfatta arealet Liegruppen AS kontrollerer gjennom avtaler med grunneigarane på Bildøy, ifølgje Lie.

Hytteområdet med eit 60 – 70 tals hytter langsmed strandsona på austsida av halvøya vert ikkje omfatta av denne planen. Her er det kommunen som skal stå for planleggja, understrekar Lie.

Les: Opprør i Bildøy Hyttelag

– Det skulle berre mangla at vi som privat utbyggjar skulle påta ossd å regulera 68 hytteigedomar, seier Lie.

-Liegruppen planlegg ikkje for konfliktar, seier Lie.

Heilt konfliktfritt ser eigedomssjefen likevel ikkje for seg at utbygginga kjem til å verta. Det vil alltid vera nokon som synes høghus vil koma for tett innpå og verta for dominerande. På Nordre Bildøy vert det føreslege ei trinnvis opptrapping av byggjehøgdene frå sør og vest mot nord og aust.

Overordna avklaringar
Når ting har teke tid i planlegginga, er det fordi det har vore naudsynt å få til ein del overordna avklaringar, både ovanfor Fjell kommune og ovanfor andre instansar med mynde til å setja foten ned. Plasseringa av viktige kulturminne, siktliner i landskapet og avgrensinga mot Sotrasambandet er sentrale tilhøve som har måtta avklarast før dei kunne ta fatt på sjølve områdereguleringsplanen, ifølgje Nilssen.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.