Varslar utsetjing av tilbodsutlysinga

Utlysinga av OPS-kontrakten på nytt Sotrasamband vert utsett.

OPS-kontrakten på nytt Sotrasamband skulle vore ein av dei største vegkontraktene som vart utlyst på verdsmarknaden i 2019. No er utlysinga utsett.

Det varslar samferdselsminister John Georg Dahle (FrP), som svar på spørsmål frå stortingstrepresentant Ruth Grung (A).

Les: Purrar på nytt Sotrasamband

Utlysinga av det som var varsla å verta ein av verdast største vegkontraktar, til kring 10 milliardar kroner, skulle ha skjedd i vår, ifølgje løypemeldinga frå Statens vegvesen sist haust.

Les: Sotrasambandet kan setja verdsrekord

Det er fleire grunnar til at utlysinga av OPS-kontrakten no vert utsett, ifølgje samferdselsministeren.

Reguleringsplanen for Storavatnet terminal er enno ikkje vedteken. For å redusera risikoen i tilknyting til OPS-kontrakten, er det viktig å få med desse siste reguleringsendringane før kontrakten vert lyst ut på verdsmarknaden.

Les: Seier «nei» til storstilt steintransport over Sotrabrua

Som ytterlegare kompliserande faktorar, har det den siste tida blitt reist tvil om framdrifta på to kritiske prosjekt. Både flyttinga av høgspentlina og avtaler med 700 grunneigarar om grunnerverv må vera på plass før bygginga av sjølve vegsambandet kan ta til.

Les: Planlegg tørkeanlegg for ureine massar

Les: 700 må avstå grunn til Sotrasambandet

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.