Hageelskarar i krigens skugge

I dei golde vintermånadane søkjer hageeigaren inspirasjon i litteraturen. ”War Gardens” skil seg ut.

«War Gardens» kan du låna på Fjell Folkeboksamling.

Då den erfarne krigsreportaren Lalange Snow fekk nok av å vera ”embedded” i allierte krigsoperasjonar i verdas urolege område, byrja ho intervjua krigsramma sivile om hagane deira.

Møte med dei krigsramma
Snow har dekka krigsoperasjonar mellom anna i Afganistan, Ukraina, på Vestbreidda og i Gaza. I ”War Gardens. A Journey through Conflict in Search of Calm” er det langt mellom generalane og strategane. I staden får vi små gløtt inn i kvardagen til dei krigsramma. Møta mellom krigsreportaren og menneskjene som lever under trusselen om rakettangrep, snikskyttarar og sjølvmordsbombarar har resultert i ei sjaldant lesverdig hagebok.

Kaktus og salat, geranium og roser, med nokre opiumsvalmuer innimellom. Å så frø, vatna og luka og sjå det gro som eit resultat av innsatsen vert for desse personane ei viktig kjelde til håp og framtidstru.

Grøne oasar
For innimellom krigsruinane finst det grøne oasar, frodige drivhus og staselege parkar. For nokon er gleda over sjelefreden dei finn i sjølve hageanlegga det viktigaste. Mange av dei intervjua er drivne av minnet om fredelegare tider. Her kan du mellom anna møta gartnaren i Kabul, som framleis ser det som si livsoppgåve å halda parken kring kongepalasset fri for ugras.

Meistra kvardagen
Ikkje alle hagane er store og prektige. For eindel er innsatsen tvungen fram av rein naud; svoltne ungar treng mat på bordet. Ikkje alle meistrar ein kvardag i krig like godt. Like viktig er det for traumatiserte born å sjå at dei vaksne er opptekne av kvardagslege oppgåver i eit tilvære der heimen sine fire veggar utgjer ei svært så usikker ramme for oppveksten.

Dei unge kjenner på valet; røma til Vest-Europa i håp om et betre liv, eller ta sjansen på å dyrka familien si jord i krigssona.

Eit kapittel i boka er via krigskyrkjegarden i Arlington i USA. Sidan den amerikanske borgarkrigen har meir enn 400.000 soldatar funne sin siste kvilestad her. Dei etterlatne skal vera trygge på at omgjevnadane viser dei døde den respekten dei fortenar samstundes som dei sjølv kan søkja ro.

”War Gardens” er ei bok om dei overlevande sin psykologi. Når du er tvungen til å leva som om kvar dag kan vera den siste, vert det å så eit frø, å planta ein løk eller eit tre symbolet på livsvilje.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.