Avviklar på Straume

Bergen Group ASA avviklar avdelinga for prefabrikasjon på Straume.

Kursen på aksjane i Bergen Group ASA har svekka seg med 33 prosent siste året. Arkivbilete/Bergen Group ASA.

Det melder det børsnoterte selskapet i samband med kunngjeringa av resultatet for fjerde kvartal 2018 i dag.

Sleit
Prefabrikkasjonsavdelinga på Straume sleit med lønsemda gjennom heile fjoråret. Samla underskot på drifta gjennom året vart på 10 millionar. Medrekna kostnadane i samband med avviklinga, belasta avdelinga Bergen Group ASA med totalt 21 millionar kroner i fjor, kjem det fram av børsmeldinga.

Restrukturering og fusjon
Etter omfattande restruktureringar og fusjonen med Stavangerverksemda Endur Fabricom AS klarte verksemda snu den negative utviklinga i fjerde kvartal, melder styret.

Ordrereserven ved årskiftet utgjorde 275 millionar kroner. Opp 80 prosent samanlikna med førre årsskiftet.

Svekka inntekter
Snuoperasjonen klarte likevel ikkje hindra ta Bergen Group AS fekk svekka driftsinntektene med 49 millionar kroner i 2018 samanlikna med året før. Driftsinntektene for 2018 enda på 224 millionar kroner.

Resultatet før skatt enda på minus 71,6 millionar kroner, ned 60 millionar samanlikna med 2017.

Namneskifte
Fusjonen med Endur Fabricom er no inne i sluttfasen. Verksemda vil framleis vera børsnotert, men vil skifta namn til Endur ASA.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.