Det kunne vore verre…

Strilar som klagar over høge bompengar kan finna trøyst i eit lågt rentenivå.

Hadde rentenivået på Bergensprogrammet vore på nivå med rentenivår i Oslopakke 3, måtte bilistane ha punga ut med 107,5 millionar kroner meir i bompengar årleg. Arkivbilete.

Rentenivået på byggjelånet har mykje å seia for storleiken på bompengane. Bergensprogrammet er eit av dei store vegprosjekta i landet med lågaste rentekostnaden, ifølgje Vegdirektoratet, melder Motor.no.

Flytande rente
Programmet, som har uteståande lån på nær 5,3 milliardar kroner, har eit rentenivå på berre 1,59 prosent.

Det låge rentenivået vert forklart med at heile lånet har flytande rente, slik at prosjektet nyt godt av dagens låge rentenivå.

Ei fastrenteavtale ville ha auka rentenivået betydeleg. Oslopakke 3 som har uteståande lån i same storleik som Bergensprogrammet, har til samanlikning bunde renta på 81 prosent av lånet, og der er rentenivået 3,74 prosent.

Vi sparar 107,5 millionar
Når det først er så ille at vi må betala bompengar, får vi trøysta oss med at det kunne ha vore langt verre. Hadde rentenivået på Bergensprogrammet vore 1,5 prosent høgare, hadde bilistane måtta punga ut med 75 millionar kroner meir i bompengar årleg. Eit rentenivå på nivå med Oslopakke 3 ville ha auka dei årlege rentekostnadane med 107,5 millionar.

Aller lågaste rentenivået har Svinesundbrua. Lånet på 339 millionar kroner har ei rente på berre 0,86 prosent.

Dyrast i Austevoll
Austevollbrua som opna i 2007 er eit av dei vegprosjekta i landet med aller høgaste rentenivået. Austevollingane ønska føreseielege lånekostnadar. Heile det resterande lånet på 86 millionar kroner er bunde til ei fastrente på 5,6 prosent.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.