Dobbelt grunn til å feira

Hos programvareutviklaren ACOS AS har dei dobbelt grunn til å feira om dagen.

Dagleg leiar Bent-Inge Storheim (th.) og forretningsansvarleg Per-Helge Refvik markerte at 4. generasjon av sakshandsamingsløysinga WebSak+ er sett i drift hos 30.000 brukarar hos NAV og Politiet med smoothie til samtlege 170 tilsette.

Fleire nye, store kundar i året som gjekk medverka til at den lokale gründerverksemda med adresse Straume under gårsdagens generalforsamling kunne markera 21 år med samanhangande vekst.

-I 2018 passerte omsetnaden for første gong 200 millionar kroner. Ein auke på 17 prosent samanlikna med 2017, strålar dagleg leiar Bent-Inge Storheim til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Gamechanger frå Sotra

Før skatt og avskrivingar sat programvareutviklaren, som hovudsakleg konsentrerer seg om dokument-, sakshandsamings- og portalløysingar til offentleg forvaltning, att med 45 millionar – eller 22,5 prosent – i forteneste. For aksjonærane betyr det at dei kan venta seg eit utbyte på 30 millionar kroner.

Les: Nærmar seg 110 millionar – i utbyte

Meir bruarvenleg
Hendinga som utløyste feiringa i lokala i Teknologisenteret i Trollhaugmyra i dag var likevel ei ganske anna:
4. generasjon av sakshandsamingssystemet, WebSak+, er nyleg sett i drift hos dei to første kundane; nemleg hos NAV og Politiet. Dei første 30.000 brukarar kan dermed dra fordel av ei langt meir brukarvenleg dokumenthandteringsløysing, ifølgje Storheim.

Utvikling av webløysingar med PC-baserte klientar var sjølve forretningsidèen bak etableringa av ACOS AS på slutten av 1990-talet. No er tida inne for å tilby dei kring 300.000 brukarane landet over eit system som er tilpassa moderne brukarar sine forventningar til mobilbruk, og til betre universell utforming for personar med synshemmingar.

-Omfattande foreinklingar vil redusera behovet for opplæring, legg Storheim til.

Dei systemansvarlege ute hos kundane vil truleg finna det mest interessant at dei no kan velja mellom ei sky-løysing med sentral drift eller om dei vil drifta sjølv lokalt.

Samarbeid med kundane
– Det har vore eit krevjande prosjekt, med mange interessentar. Løysinga har blitt til i tett samarbeid med brukarar hos NAV og Politiet, kunne forretningsansvarleg Per Helge Refvik orientera sine nærare 170 kolleger under dagens markering.

– Dette vil verta ACOS sitt nye produktflaggskip, er Storheim og Refvik overtydde om.

No håpar Storheim og Refvik at dei 250 kommunekundane, dei mange statlege departementa og andre statlege forvaltningsorgan vil ønskja å oppgradera til den nye generasjonen sakshandteringssystem.

Med slike solide referansar frå offentleg verksemd kryssar Storheim og Refvik dessutan fingrane for at også heimkommunen Fjell og Nye Øygarden omsider vil finna det interessant å kjøpa dataløysingane sine hos den lokale programvareutviklaren. Både Sund og Øygarden står alt på kundelista.

Sel avdelinga for helse
ACOS har lenge satsa på å tilby eit breiast mogeleg spekter av programvare til dei mange kundane i offentleg sektor. No går dei vekk frå denne tankegangen. Forretningsområdet «Levekår», som utviklar sakshandsamingsløysingar til helsesektoren, vart nyleg seld til DIPS ASA, som spesialiserer seg på denne marknaden.

– ACOS ønskjer i framtida å fokusera på dokumenthandtering og portalløysingar, seier Storheim.

– Det vil vera svært krevjande å leva opp til dei store forventningane styremaktene har til innføringa av elektroniske pasientjournalar. Utvikling av slike løysingar vil krevja store investeringar. Det vil dessutan vera vanskeleg for ein mindre leverandør som ACOS å gjera jobben aleine, då slike system må utviklast i tett samarbeid med sjukehus og fastlegar. DIPS AS har 80 prosent av den norske helsemarknaden, legg Storheim til.

Avdelinga for levekår har stått for 20 prosent av omsetnaden til ACOS. Neste generalforsamling vil visa korleis spissinga av forretningsverksemda vil slå ut på omsetnaden.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.