Sjøbadar året rundt

Desse kvinnene er overtydde om at dei har funne universalkuren som hjelper mot det meste.

Vinterbading i Straumsundet
Topphue og ullundertøy er lov når ein badar i sjøen i februar. Eli Lokøy (framme), Ingunn Fjell (bak fv.), Inger Armand og Jenny Fjell.

Dei kjem rett frå trening. Sveitte og varme kastar dei seg utfor badebryggja ved Gamle Straumsbru. På land viser termometeret seks grader denne dagen. I sjøen er det minst like kaldt.

Året rundt
Dei som tilfeldigvis ferdast over Gamle Straumsbru ein måndag eller onsdag føremiddag stopper gjerne opp og applauderer, særleg no på vinteren. Året rundt er dette nemleg badedagane til fem godt herda kvinner i alderen 69 – 74 år.

Inger Armand, Eli Lokøy og Liv Utkilen har bada i Straumsundet, to gongar kvar veke, sidan sommaren 2014. Seinare har Ingunn og Jenny Fjell meld seg inn i badeklubben.

-Tilbodet står ope for dei som ønskjer å slengja seg med, vert eg oppfordra.

Inga årsaking
I dag møtte fire av dei fem.
– Vi bryr oss ikkje om at det er kaldt. Det er berre til å hoppa uti, smiler Jenny Fjell.

Sjøtermperaturen innbyr ikkje til noko langvarig opphald. Ein rask svømmetur, og så er det rett på land, til tørre, varme klede.

Dårleg vêr er inga årsaking for ikkje å møta. Om det regnar, snøar eller bølgjene i sundet går kvite. Uti skal dei. Faktisk er det fleire som møter i drittver og snøkave om vinteren enn når sola skin og badetemperaturen indikerer Vestlandssommar, fortel dei godt herda kvinnene.

Held oss friske
Eit visst gruppepress er det, medgjev dei. Men det er berre positivt.

Badinga er eit helsefremjande tiltak av dei sjeldne, er dei overtydde om.

-Det gjer så godt i kroppen, etterpå, seier Ingunn Fjell.

– Vi held oss veldig friske på denne måten, legg Inger Armand til og får samtykkjande nikk frå dei andre:

– Vi har fått betre helse. Dette er ein universalkur mot det meste, smiler damene medan dei våte, kalde plagga vert vrengte av i rekordfart.

– Kom gjerne att når vi fyller 100, ler Armand før damene lukkar naustdøra for omkleding.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.