Her aukar talet på uføre mest

Oljenedturen gjer utslag også i talet på uføre. I Fjell aukar talet mest.

Kvar femte nye uføretrygda i nye Vestland fylke i fjor er heimehøyrande i Region Vest. Største auken kom i Fjell.

Den ferske statistikken frå NAV over talet på uføre i nye Vestland fylke er dyster lesnad for kommunane vest for Bergen. Medan talet på uføretrygda går ned i Sogn og Fjordane, aukar talet i Hordaland.

Kommunane i Region Vest står for den største auken. Kvar femte av dei 880 nye uføre i det nye storfylket i fjor er heimehøyrande i Fjell, Askøy, Sund eller Øygarden, ifølgje NAV.

Auke på sju prosent
Aller størst var auken i Fjell. 100 nye uføre i fjor inneber at 1.525 av fjellsokningane i alderen 18 – 67 i kommunen ikkje har helse til å arbeida. Siste to åra har det blitt heile 192 nye uføre i Fjell.

Askøy har fleire uføre, men her var utviklinga i fjor noko mindre urovekkjande: 65 nye uføre i fjor inneber at det bur 1.601 av innbyggjarane har legeattest på at dei ikkje er arbeidsdyktige. Siste to åra har det blitt 116 nye uføre i kommunen.

Brems
I Sund ser den negative utviklinga ut til å ha bremsa opp. I fjor kom det til fem nye uføre, mot 36 året før. 481 sundsokningar er no ute av stand til å delta i arbeidslivet.

Øygarden er einaste kommunen vest for Bergen som ser ut til å ha sluppe unna den negative utviklinga, trass høg arbeidsløyse. To nye uføre i Øygarden i fjor er like mange som i 2018. 328 av innbyggjarane i kommunen er no ikkje istand til å arbeida.

Unge
Totalt er 28.050 hordalendingar no uføretrygda. Det tilsvarar 8,4 prosent av innbyggjarane.

Ser vi Vestland fylke under eitt, kom største auken i talet på uføre i aldersgruppa 18 – 29 år, ifølgje NAV.

– Auken i den yngste aldersgruppa skuldast delvis avviklinga av ordninga med tidsavgrensa uførestønad, men må og sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding i samband med offentlegjeringa av tala.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.