Satsar på e-helse

Eit nytt programvareselskap er under etablering på Straume.

Hanne Kolflaath skal leia oppbygginga av eit nytt selskap for utvikling av digitale helseløysingar for kommunar og primærhelsetenesta.

Programvareleverandøren ACOS AS selde på tampen av fjoråret avdelinga for helsefagløysingar «Levekår» til DIPS ASA.

Les: Dobbelt grunn til å feira

Hovudkontor på Straume
Dei 30 tidlegare tilsette i ACOS si helsefagavdeling går rett over til å danna ryggraden i eit nytt programvareselskap som får namnet DIPS Front AS, seier Hanne Kolflaath. Ho har leia helsefagavdelinga i ACOS og får no ansvar for å etablera og sikra veksten i den nye verksemda.

-Planen er å byggja opp ei ny verksemd med 50 – 60 tilsette over nokre år, seier Kolflaath.

DIPS ASA har hovudkontor i Bodø, men det nye dotterselskapet får hovudkontor i Teknologisenteret på Straume, ein etasje under ACOS, ifølgje Kolflaath.

Utfyller kvarandre
Forretningsområdet «Levekår» har stått for 20 prosent av omsetnaden til ACOS, altså kring 40 millionar kroner i 2018.

DIPS er ein leiande programvareleverandør til norske sjukehus.

«Levekår» omfattar dataløysingar primært retta mot kommunane og mot spesialisthelsetenesta. I porteføljen inngår system for sosialtenesta, barnevern, pleie- og omsorg og individuell plan. Slik utfyller dei DIPS sin breie portefølje av digitale helseløysingar.

Nasjonalt ansvar
Utskiljinga av forretningsområdet for helse, og etableringa av den nye verksemda er eit svar på brukarane sine auka forventningar og krav til elektroniske journalsystem og integrerte løysingar i helsesektoren.

Styremaktene sitt mål er ein innbyggjar – ein journal.

– Styremaktene legg opp til ein konsolidering av leverandørindustrien. Dei ønskjer større aktørar med evne til å ta nasjonalt ansvar, seier Kolflaath.

-Leverandørar som lukkast med ei løysing der pasientinformasjonen på sjukehus, kommunale pleie- og omsorgsløysingar og primærhelsetenesta vert tilgjengeleg på tvers, vil møta marknaden sine forventningar og etablera ein sentral posisjon framover, skriv leiinga i ACOS AS i årsmeldinga for 2018.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.