Sund dobla overskotet med Havbruksfondet

Rådmann Rune Lid takkar alle tilsette i Sund kommune for god innsats og god økonomisk styring og kontroll i 2018.

Solid økonomi: Rådmann Rune Lid i Sund kan visa til ein driftsmargin som er dobbelt så høg som tilrådd for kommunar. Arkivbilete.

Eingongsutbetalinga frå Havbruksfondet på 10,8 millionar medverka til at Sund kommune fekk eit netto driftsresultat på 18,7 millionar kroner i fjor. Resultatet er 9,2 millionar høgare enn budsjettet tilsa, skriv ein nøgd rådmann Rune Lid i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Får 41,2 laksemillionar

Sund fekk i fjor ein driftsmargin på 3,4 prosent. I 2017 fekk kommunen eit netto driftsresultat på 19,1 millionar kroner og ein driftsmargin på 3,6 prosent.

-Mål for god økonomisk styring tilseier ein driftsmargin på 1,75 prosent, ifølgje Lid.

-Sund kommune har med bakgrunn i relativt gode økonomiske resultat dei siste åra kunna gjere avsetningar til fond. Dette bidreg til at vi kan handtere eventuelle svingingar i inntektene slik at vi kan sikra rom for stabilitet i tenestene våre, skriv Lid.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.