Fleirtalet sa nei til daglegvarehandel i Knarrevik

Norgesgruppen og Asko har fått tommelen ned for planane om å etablera daglegvarebutikk i Knarrevik.

Norgesgruppen AS og Asko AS ønska å etablera daglegvarebutikk på området som vert frigjeve når Mustadvatnet i Knarrevik vert fyllt att.

Det var i februarmøtet i Komitè for Plan og utvikling (KPU) i Fjell at planpolitikarane tok stilling til søknaden frå Norgesgruppen AS og Asko AS om løyve til å starta utarbeidinga av ein detaljreguleringsplan for daglegvarebutikk, kontor og lager i Mustadvatnet i Knarrevik.

Daglegvarekjeder
Norgesgruppen AS er ein av dei tre store grossistane i norsk daglegvarehandel. Dei står bak daglegvarekjedane Kiwi, Meny, Spar og Joker. Asko AS distribuerer varene ut til butikkane i Bergensområdet frå sentrallageret i Arna.

Fleirtalet KPU, Høgre, Arbeiderpartiet og KrF, valde istaden å gå for innstillinga frå planavdelinga, som frårådde tiltaket.

Les: Vernar om handelen i Straume sentrum

-Naturleg med daglegvarebutikk her
Mindretalet, FrP, Sotra Lista og Senterpartiet stemte for at dei to store daglegvareaktørane skulle få lov til å starta arbeid med detaljreguleringsplan.

– Det bur fleire folk i Knarrevik, Valen og Hjelteryggen enn i heile Øygarden. Det burde vore naturleg med ein daglegvarebutikk i dette området, grunngjev Kjell Rune Garlid (SL) mindretalet si stemmegjeving ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Kontor og lager
Mustadvatnet er ein del av områdereguleringsplanen for Sotrasambandet. Forslaget om detaljvarehandel er i strid med den gjeldande områdereguleringa for området, som tilseier kontor og industri. Detaljhandel er ikkje tillate, ifølgje saksinnstillinga.

-I ROS-analysen for Knarrevika har ein ikkje teke høgde for etablering av detaljvare-/daglegvarehandel i området. Verknaden for risiko-og sårbarheitsbiletet for industriområdet ved å etablera ei publikumsretta næring tett opp i industriområdet er ukjent/ikkje vurdert, skriv planavdelinga i saksinnstillinga.

Erstatningsområde
Det er Sigba AS som er heimelshavar til området. Arealet som skal fyllast ut i Mustadvatnet får dei til erstatning for området i Knarrevik som dei mistar til trasè til nytt Sotrasamband.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.