Meklinga stranda på definisjonar

Fjell kommune sitt forsøk på mekling med Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune om etablering av eit 19.000 kvadratmeter stort handelsareal i Smålonane på Straume stranda.

Her ønskjer verken fylkesmannen i Hordaland eller Hordaland fylkeskommune at det skal etablerast handel.

Det kjem fram av eit notat vedlagt sakspapira til kommunestyremøtet i Fjell komande torsdag.

Ulike typar handel
Både fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune har nedlagt motsegn mot Straume Handelseiendom AS sin plan om å opna for volumbasert handel og detaljhandel på den 39 mål store tomten i krysset mellom Arefjordvegen og Idrettsvegen. Hovudinnvendinga er at slik handel vil opna for auka biltrafikk.

At handel kan vera så mangt, har denne saka avdekka. Usemja kring planframlegget dreiar seg ikkje om bygga i seg sjølv, eller utforminga av dei, men om kva typar handel som skal inn når bygga står ferdig.

Unntaksvarer
Skal det kunna skje handel i området i Smålonane, kan det i så fall berre vera med sokalla «unntaksvarer». Med det meinast bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskular, argumenterer Hordland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland.

Les: Vernar om handelen i Straume sentrum

Utan tilråding
Meklinga var eit krav i henhald til Forvaltningslova, etter at Komitè for Plan og utvikling i Fjell i november valde å tilrå planen.

Planen vert no lagt fram for kommunestyret utan tilråding frå rådmann og plansjef. Om kommunestyret vel å følgja tilrådinga frå KPU, vert det Kommunal og moderniseringsminister Monica Meland som får siste ordet i saka.

Les: Tek konflikten med fylkesmannen

Utflytta sundsokningar

Dei to utflytta sundsokningane Beate Husa og Rune Fjeld frontar motstanden mot etableringa i Smålonane.

På meklingsmøtet 14. desember møtte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og leiar for Komitè for Plan og utvikling Henning Ekerhovd for Fjell.
Det er to utflytta sundsokningar som frontar motstanden mot etablering av nytt handelsareal under høgspentlinja i Smålonane. Leiar for utval for kultur, idrett og regional utvikling, Beate Husa, fronta Hordaland fylkeskommune og assisterande fylkesmann Rune Fjeld leia staten sin motstand.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.