Plan- og byggjesaksavdelinga under lupa

Det hender ikkje sjeldan at fjellsokningane seg i mellom ytrar tvil om at plan- og byggjesaksavdelinga behandlar alle innbyggjarane likt. Ein fersk forvaltningsrevisjonsrapport frå Deloitte avdekkar at skeptikarane kan ha rett.

Plan- og byggjesaksavdelinga i Fjell kommune får krass kritikk i ein forvaltningsrevisjonsrapport frå Deloitte.

Ein forvaltningsrevisjon av Plan- og byggjesaksavdelinga er eit av tre tiltak som passerte nålauga då posisjonen i det nyvalde kommunestyret i Fjell hausten 2016 vedtok arbeidsplanen for Kontrollutvalet og kva forvaltningsrevisjonar som skulle gjennomførast i denne valperioden.

Les: Posisjonen tok kontroll over Kontrollutvalet

Revisjonsverksemda Deloitte sin rapport av rutinar og praksis i Plan- og byggjesaksavdeling skal behandlast i kommunestyret torsdag denne veka.

Byggjesak
Fleirtalet av Deloitte sine merknadar rettar seg mot byggjesaksavdelinga.

Ein grunnleggjande føresetnad for likebehandling er at det finst oppdaterte, skriftlege rutinar for korleis tilnærma like saker skal handsamast. Byggjesaksavdelinga i Fjell manglar i stor grad slike rutinar, kjem det fram av rapporten.

Dei rutinane som er utarbeida, byggjer ikkje på nokon noko form for risikovurdering av arbeidsprosessane.

Sakshandsamingssystemet som byggjeavdelinga nyttar legg ikkje opp til at vedtak som er delegerte til avdelinga skal kvalitetssikrast av ein overordna før utsending. Innbyggjarane kan dermed risikera å få tilsendt vedtak som ikkje er kvalitetssikra og godkjende.

Les: Frikjend for korrupsjon – får kritikk for uprofesjonalitet

Overheld ikkje lovpålagte freistar
Opplæring og sosialisering av nytilsette inn i lokal praksis er ein annan føresetnad for likebehandling. Heller ikkje på dette området er rutinane på plass i Fjell, kjem det fram av revisjonsrapporten.

Plan og bygningslova med tilhøyrande føresegner set krav til offentleg behandlingstid av ulike typar søknadar. Høgt sjukefråvær over lengre tid gjer at Fjell ikkje har kunne leva opp til forventningane om å overhalda lovpålagte tidsfreistar.

Særleg har dette vore merkbart i dei mange klagesakene, der var ventetida i haust seks månadar, ifølgje Deloitte.

Gløymte saker
Det finst ingen rutinar som sikrar at søknadane vert handsama i den rekkefølgja dei kjem inn.
Når ein del av sakene som har drygd ut i tid, er det avdi dei rett og slett har blitt gløymt i dokumentbunkane, konstaterer Deloitte.

Den manglande oversikten over byggjesaker og dispensasjonssaker kan ha ført til feilrapporteringar, mellom anna i KOSTRA, åtvarar revisonsverksmeda.

Premissgjeving
Kritikken mot Planavdelinga går på den overordna styringa. Planavdelinga manglar ressursar til å handsama store, overordna planar som kan leggja premissa for underordna reguleringsplanar som vert finansierte av gebyr frå utbyggjarar, ifølgje Deloitte.

Deloitte føreset at den nye kommunen som skal vera på plass innan utgangen av dette året, i større grad tek i bruk digitale verktøy for å informera og sikra medverknad frå innbyggjarane i plan- og byggjesaker.

Du kan lasta ned Deloitte sin forvaltningsrevisjonsrapport om rutinar og praksis ved Plan- og byggjesaksavdelinga i Fjell i sakspapira til møtet i kommunestyret 21. februar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.