Totalpris 17 milliardar

Statens vegvesen reknar at den totale kostnaden med nytt Sotrasamband vert 17 milliardar kroner.

Den totale kostnaden med nytt Sotrasamband vil verta 70 prosent høgare enn verdien av OPS-kontrakten.

Det bekreftar samferdsleminister John Georg Dahle (FrP) i eit svar til stortingsrepresentant Ruth Grung (A).

Totalkostnaden med bygginga av nytt Sotrasamband vil verta nær 70 prosent dyrare enn verdien på sjølve OPS-kontrakten, som Statens vegvesen anslår vil enda ein stad kring 10 milliardar kroner.

Les: Sotrasambandet kan setja verdsrekord

Totalsummen på 17 mrd. kr er knytt til samla anslag for milepelsutbetaling til OPS-verksemda som skal byggja prosjektet, arbeid i regi av Statens vegvesen, årleg betaling for tilgjenge og drift samt eit påslag for uvisse, ifølgje Dahle.

Av dei 17 milliardane har Staten, gjennom Stortingsproposisjon 41S (2017-2018) forplikta seg til å betala 10,5 milliardar.

Brutto bompengeinntekter vert rekna til å verta 7,3 milliardar, korav 6,5 milliardar vil gå til bygginga av prosjektet.

Les: Rekninga for Sotrasambandet kan enda på 20 milliardar

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.