Så mange øygardsstrilar er vi no

Statistikken over folketalsutviklinga i 2018 i kommunane som snart vert nye Øygarden er klar.

Sykkel VM snudde stemninga. I fjor auka folkeveksten igjen i Fjell.

Folkeveksten i Fjell, Sund og Øygarden haldt fram i fjerde kvartal i fjor, men med minska styrke. Nyttårsafta var vi til saman 430 fleire øygardsstrilar enn då året tok til, viser den dagsferske statistikken frå SSB.

Ved siste årsskifte var vi til saman 38.117 øygardsstrilar, noko som tilsvarar ein auke i folketalet på 1,1 prosent for alle tre kommunane sett under eitt gjennom heile 2018.

Skilnadane er store kommunane i mellom, viser tala frå SSB.

Strekaste folkeveksten fann stad i Fjell. 441 nye fjellsokningar oppvog utviklinga i kommunane i nord og sør.

Les: Fjell vinn på folkevekst

I Sund forsterka fråflyttinga i dei tre siste månadane den negative vekten for året sett under eitt.

I Øygarden snudde flyttestraumen i siste kvartal. Frå å ha vore ein attraktiv kommune å flytta til, var det fleire som flytta vekk enn som flytta til i dei tre siste månadane av året.

Folkevekst 2018
01.01.2018 Fødsels-overskot Netto innflytting 31.12.2018 Vekst % vekst
Sund           7 085 40 -64 7 062 -23 -0,3
Fjell         25 725 211 227 26 166 441 1,7
Øygarden           4 877 15 -1 4 889 12 0,2
Nye Øygarden         37 687 266 162 38 117 430 1,1
Askøy         29 071 157 47    29 275 204 0,7

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.