Fleire søkjer arbeid

I Sund flyttar dei vekk. I Fjell vert dei uføretrygda, likevel er 58 fleire nye øygardsstrilar registrerte som arbeidssøkjarar no enn for eit halvt år sidan.

Situasjonen på arbeidsmarknaden i nye Vestland fylke ved utgangen av februar 2019. Illustrasjon: NAV.

Medan talet på heilt arbeidslause i Hordaland no er nede på 2,7 prosent av arbeidsstyrken, held andelen registrerte arbeidssøkjarar seg framleis på over fire prosent i Fjell, Sund og Øygarden, viser NAV sine dagsferske tal.

Kva veg utviklinga går, avheng av kva tidspunkt ein samanliknar med. NAV, som samanliknar med situasjonen ved utgangen av februar i fjor, hevdar at arbeidsløysa har sunke. Samanliknar vi derimot med situasjonen på ettersommaren i fjor, har det vore ein svak auke i talet på registrerte arbeidssøkjarar, viser analysen nettavisa Tunnelsyn.no har utført på bakgrunn av NAV sine eigne månadsvise tal.

Siste halvåret
Totalt er 1299 personar i dei fire kommunane vest for Bergen for tida registrerte som arbeidssøkjarar. Det er 57 fleire enn ved utgangen av august i fjor.

Les: Arbeidsløysa synk, men aukar i Fjell

Det er store variasjonar kommunane i mellom, også i region vest. Mest positiv har utviklinga tilsynelatande vore i Sund og Øygarden.

I Sund er det no sju færre registrerte arbeidssøkjarar enn ved utgangen av august. Utviklinga må sjåast i lys av endringane i folketalet. Noko av forklaringa på den positive utviklinga kan vera at mange tilflyttarar har valt å senda flyttelasset i retur over brua siste året.

Les: Så mange øygardsstrilar er vi no

111 registrerte arbeidssøkjarar i Øygarden er fem færre enn for eit halvt år sidan.

Feil veg i Fjell
Utviklinga held fram med å gå feil veg i Fjell. Til saman 570 fjellsokningar er no registrerte som arbeidssøkjarar. Heile 103 av dei går for tida på tiltak. Ved utgangen av februar var det registrert 58 fleire arbeidssøkjarar i kommunen enn for eit halvt år sidan.

Også her kan det vera endringar på andre område som bidreg til at utviklinga framstår som mindre svart som ho fraktisk er. Auken i talet på arbeidssøkjar i Fjell har kome trass i at 100 personar i kommunen i fekk innvilga uføretrygd i fjor.

Les: Her aukar talet på uføre mest

Askøy
Også i Askøy har utviklinga gått i feil retning om ein samanliknar med situasjonen ved utgangen av august. Her er 462 personar for tida registrerte som arbeidssøkjarar. Det er elleve fleire enn for eit halvt år sidan. 46 av arbeidssøkjarane går på tiltak ved utgangen av februar.

Marknad med underleverandørar
-Marknaden i vest er delvis prega av underleverandørar og vedlikehald, noko som kan forklara at det har teke lenger tid å kome i gong enn for dei områda som er meir direkte involvert i oljeutvinning, kommenterer direktør i NAV Vestland Anne Kverneland Bogsnes februartala i ei pressemelding.

Registrerte arbeidssøkjarar februar 2019
Heilt ledige På tiltak Totalt
februar
2019
Totalt august 2018 Endring
Sund 109 47 156 163 -7
Fjell 467 103 570 512 58
Askøy 416 46 462 451 11
Øygarden 91 20 111 116 -5
Totalt 1083 216 1299 1242 57

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.