Eldreministeren oppfordrar til samarbeid om omsorgsteknologi

Eldreminister Åse Michaelsen (FrP) har 100 millionar til disposisjon for å utvikla funksjonell og brukarvenleg omsorgsteknologi. Ved omsorgsteknologilaboratoriet håpar dei å kunna bidra med gode løysingar.

Soverommet er åstad for utprøving av mange ulike typar omsorgsteknologi. Stipendiat Yngvild Brandser Alvsåker ved Senter for omsorgsteknologi (th) orienterer eldreminister Åse Michaelsen (tv) og hennar danske kollega Thyra Frank.

Den varsla eldrebølgja uroar norske politikarar. Eldreminister Åse Michaelsen er mellom dei som helsar omsorgsteknologi velkomen som eit reidskap til at fleire kan kjenna seg trygge ved å bu heime, lenger.

Senter for omsorgsforsking ved Høgskulen på Vestlandet har etablert eit eige laboratorium for testing av ny omsorgsteknologi. Denne demoleiligheten stod på eldreministeren sin dagsorden då ho saman med sin danske kollega Thyra Frank besøkte Bergen i går.

Det som skjer ved Høgskulen på Vestlandet er del av ei større satsing. Nærare 300 norske kommunar er involverte i regjeringa sitt nasjonale program for velferdsteknologi, på ein eller annan måte. Til saman er det satt av om lag 100 millionar kroner til programmet, ifølgje Michaelsen.

Individuelt tilpassa
-Utfordringa er å kjenna brukaren. Kvar løysing må tilpassast individuelt, slik at verkelege faresituasjonar vert oppdaga, men utan at alarmen vert utløyst i utide, forklarer stipendiat Yngvild Brandser Alvsåker ved Høgskulen på Vestlandet.

Det er store skilnadar i korleis mottaka av signala frå dei mange alarmane som etterkvart er utplasserte i heimar, omsorgsbustadar og på sjukeheimar vert organiserte. Alt etter kva løysing kommunen har valt, kan alarmane gå til legevakt eller brannvesen. Andre stadar kan pårørande og vakthavande omsorgspersonell ta mot alarmane direkte på sin eigen mobil, seier Brandser Alvsåker.

Samtykkekompetanse
Det viktigaste er at brukaren kjenner seg trygg, men utan å oppleva det som om han vert overvaka.

Teknisk sett er det meste mogeleg. Alt frå videovervaking av soverommet til sensorar i senga. Medisindispensarar som slår alarm dersom brukaren ikkje tek medisinen sin, eller kjøleskåp som varslar dersom brukaren ikkje et maten som heimehjelpen nyleg laga til, er praktiske løysingar som no skal prøvast ut.

Då vert det viktig at brukaren sjølv kan avgjera kor ”tett på” helsepersonellet skal koma. Gjennom samtykkekompetanse skal dei sjølv kunna trekkja grensa for kvar privatlivet byrjar, er Michaelsen og Frank opptekne av.

Er brukaren dement, vert det dei næraste pårørande som får ansvaret for å trekkja grensa.

Ved Senter for omsorgsteknologi jobbar dei tverrfagleg. Teknisk ansvarleg Thomas Aasebø orienterer eldreminister Åse Michaelsen om korleis dei tenkjer om vernet av privatlivet til brukarane.

Augneblikksbilete
-Det kan til dømes vere bebuarar på sjukeheim som føretrekkjer at vakta kan kikka inn til dei ein gong om natta ved hjelp av kamera, framfor at dei kjem inn i rommet, hevdar Michaelsen.

-Den digitale informasjonen er berre meit å skulle gje eit augneblikksbilete. Er alt i orden, vil dataene verta sletta etter ein halvtime. Ingenting vert lagra, forsikrar teknisk ansvarleg Thomas Aasebø.

Løysingane er førebels ikkje integrert med elektroniske journalar eller andre digitale system for helse- og omsorg, ifølgje Brandser Alvsåker.

-Bygg på kvarandre!
Eldreministeren har besøkt mange verksemder, både i Norge og i utlandet, som jobbar for å utvikla funksjonell og brukarvenleg omsorgsteknologi. Nokon av produkta ho vart presentert for i Bergen, kjenner ho til frå før.

-Det er positivt at så mange norske gründerverksemder ønskjer å utvikla denne typen teknologi, seier eldreministeren.

Ved Senter for omsorgsteknologi jobbar dei på tvers av sektorar og fagområde. Dei deltek også i internasjonale forskingsprosjekt, mellom anna saman med Danmark. Eit samarbeid eldreministeren stiller seg svært positiv til.

– Tenk klynger. Driv kvarandre. Bygg på kvarandre, oppfordrar Michaelsen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.