Inn i styret for Vestland Arbeidarparti

Marianne Sandahl Bjorøy tapte kampen om kommunal sjølvråderett i bustadutviklinga i Bergensområdet under stiftingsmøtet i Vestland Arbeidarparti. No lovar ho å føra kampen vidare internt i styret.

Vi må alle verta flinkare til å sjå utanfor kommunegrensa og involvera oss i det store, oppfordrar Marianne Sandahl Bjorøy.

Partileiar Jonas Gard Støre fekk oppfylt ønsket om «borgfred» under stiftingsmøtet i Vestland Arbeidarparti. Det vart eit fredeleg møte utan store konflikter. Partilaga hadde på førehand sendt inn forslag til saker, og som var blitt gjennomarbeida av ein redaksjonskomite, seier Marianne Sandahl Bjorøy til nettavisa Tunnelsyn.no.

Litt uro frå vest vart det likevel:

Kommunal bustadpolitikk
-Vi prøvde å få ut punktet i partiprogrammet om å jobba for ein regional bustadutviklingspolitikk i Bergensområdet. Dette er ein politikk som Bergen vil få mest att for, og som legg restriksjonar på oss, seier ordføraren i Fjell.

Berre delegatane frå Nye Øygarden, Bjørnafjorden og Alver stemte for å ta ut punktet frå partiprogrammet.

-Kanskje vi ikkje sa frå sterkt nok? Diverre verkar det ikkje som om distriktskommunane har skjønt problemet, konstaterer ho.

Tek kampen inn i styret
No lovar Sandahl Bjorøy å føra kampen for den kommunale sjølvråderetten i bustadpolitikken vidare internt i styret:

– Nye Øygarden vert nest største kommunen i Vestland. Vi vil få større innflyting. Vi skal ta vår plass, vi og!, lovar Sandahl Bjorøy.

– Vi frå vestsida har vore flinke til å klara oss sjølv. Vi manglar tradisjonar for å vera representerte i råd og utval utanfor kommunen. Vi må alle verta flinkare til å sjå utanfor kommunegrensa og involvera oss i det store, oppfordrar ordføraren i Fjell.

Styremedlem
Valet av styre til Vestland Arbeidarparti gjekk føre seg utan at det kom benkeframlegg på andre styrekandidatar enn det nominasjonskomitèen hadde føreslege, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Marte Mjøs Persen, ordførar i Bergen, skal leia det nystifta partilaget. Som nestleiar vart vald Hilmar Høl frå Årdal.

Marianne Sandahl Bjorøy vert styremedlem i det nye fylkeslaget. Med seg i styret får ho:
Siri Sandvik, (Stadt) vert leiar for kvinnenettverket. Togeir Toppe, dagleg leiar for Folkeuniversitetet, vert studieleiar.
Lena Pilskog, (Stord), Petter Sortland (Høyanger), Kristin Maurstad (Vågsøy) og Hans-Petter Thorbjørnsen (Ulvik) vert alle styremedlemmar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.