Avgjer dei båtsamband til Sotra i vår?

Skyss har utgreidd mogelegheitane for eit båtsamband til Sotra.

Eit strålande tilbod, syntes fv. Trine T. Trygvesdotter og Anita Fjeldstad, straks dei sette beina på land på Strandkaien etter å ha teke snøggbåten frå Ågotnes under Sykkel VM i 2017. (Arkivbilete).

Det kunne fylkesordførar Anne Gine Hestetun fortelja politikarane i Fylkestinget i Hordaland i dag som svar på spørsmål frå Marthe Hammer (SV).

Bygginga av nytt Sotrasamband dreg ut i tid. Eit båtsamband, anten som strakstiltak for å redusera køane, eller som del av eit framtidig «bybane på sjø»-konsept for Bergensområdet, har vore lansert som ei løysing på køane til og frå Sotra.

Les: Gjestekommentar: Kor tid kjem båten? Eller bybana på sjø?

Då forslaget sist stod på dagsorden, stranda det på økonomien i fylkeskommunen.

Les: Lenge å venta på båten

Dei tre kommunane vest for Bergen, Bergen kommune og Statens vegvesen har delteke i utgreiingsarbeidet.

Det er Fylkestinget, gjennom Skyss, er dei som avgjer om, eventuelt når, båt skal verta ein del av kollektivsatsinga til og frå Sotra. I Askøy utgjer snøggbåten ei viktig brikke i innbyggjarane sine reisevaner.

Les: Har passert 500.000 reisande

Utgreiinga Skyss nyleg har gjennomført vil verta presentrert for dei politiske utvala i fylket i løpet av den komande månaden, lova Hestetun. Fylkesordføraren sa ingenting om kva konklusjon Skyss har kome fram til.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.