Tilbyr å kjøpa kommunal kremtomt for 44 prosent av takst

PTA Eiendom AS har no varsla Øygarden kommune om kva dei er villig til å betala for kremtomten i sjøkanten på Rong.

Den kommunale kremtomten ligg so og seia i sjøkanten. Administrasjonen i Øygarden kommune føreslår å kutta salsprisen med over 60 prosent av takst for å kunna nytta sprengsteinen til å byggja molo til Ternholmen.

PTA Eiendom AS kom i fjor med ønskje om å kjøpa ein kommunal kremtomt so og seia i sjøkanten på Rong. Den kring fire mål store tomten er regulert til blokkbygging, i henhald til den ferske sentrumsplanen.

Les: Får kjøpa kommunal kremtomt for 9 millionar

Formannskapet i Øygarden har drøfta saka i fleire omgongar. I siste møtet før årskiftet opna dei for at administrasjonen kunne forhandla med utbyggjar, med tanke på utnytting av dei store steinmassene som må sprengjast vekk til bygging av ein kommunal molo ut til Ternholmen. Samstundes opna formannskapet for å selja tomten til underpris samanlikna med takst.

Fire millionar
I forkant av møtet i formannskapet onsdag denne veke har PTA Eiendom AS lagt inn bod på tomten på fire millionar kroner. I tillegg skal kommunen vederlagsfritt få overta 23.000 kubikkmeter stein, opplasta på bil.

Transporten må kommunen sjølv kosta.

Verdien av steinen kommunen får tilbod om er ikkje taksert. Administrasjonen tilrår likevel at PTA Eiendom AS får kjøpa den kommunale kremtomten so og seia i sjøkanten for under halv takst.

44 prosent av takst
Tilbodet frå PTA Eiendom AS er 44 prosent under snittet på dei to takstane Øygarden kommune har henta inn, på henhaldsvis ti og åtte millionar kroner.

Ordførar Børge Haugetun (TVØ) har heile tida framheva at taksten var for høg, og at det ville verta dyrt for utbyggjar å sprengja ut tomten. Samstundes har han framheva nytten kommunen kan ha av sprengsteinen.

Les: Det viktigaste er at det er lys i vindauga på Rong etter klokka 15.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.