No startar kampen om vegmilliardane

Regionane og dei store bykommunane skal involverast tidlegare og sterkare i arbeidet med ny NTP. Samferdselsministeren lover store omstillingar på kort tid.

Mange interesser vil kjempa om milliardane når samferdselsminister John Georg Dale no startar arbeidet med rulleringa av NTP. Tungbiltransporten, repesentert ved Rune Øvretveit, er ein av dei. Foto: Samferdselsdepartementet.

Samferdselsminister John Georg Dale (FrP) framskundar arbeidet med ny NTP.

-Vi treng ein NTP-prosess med tydeleg prioritering av utfordringane innan samferdsel i åra fram mot 2032, oppfordra samferdselsministeren då han i dag møtte sentrale samtalepartnarar frå heile landet til orienteringsmøte i Oslo.

Dei nye regionane, kombinert med innføringa av ny teknologi, tilseier at det er behov for å analysera utviklingstrekka i det norske samfunnet dei neste tolv åra. Infrastrukturen skal støtta opp under dei politisk ønska utviklingstrekka, er samferdselsministeren sitt mål.

Han ser for seg ein prosess som vil ta utgangspunkt i dagens NTP fram mot 2029, men utvida tidsperspektivet med fire år.

Dei vanskelege prioriteringane
Siste NTP har ei ramme på 1.000 milliardar kroner. Ønskjene er mange. Kva skal prioriterast? Vedlikehald av vegnettet eller nye store prosjekt? Kva med kollektivtransporten? Og korleis kan Norge nå måla i Paris-avtalen om reduserte utslepp av klimagassar?

-I førre runden minna fylkeskommunane sine prioriteringar mest av alt av ein seksåring si ønskjeliste til jul. Når planen no skal rullerast, vil det vera naudsynt å prioritera hardare, varsla Dale.

Halvparten av den økonomiske ramma i dagens NTP er bunden opp i investeringar. Her er det eit openbart forbetringspotensiale, tenkjer FrP-statsråden.

Kostnadskontroll
Mange politikarar kringom i landet kjempar hardt for sine prosjekt. Det ligg eit sterkt fagleg grunnlag bak storparten av NTP, men ikkje alle prosjekt har vist seg å vera like godt faglege gjennomarbeidde på det tidspunktet dei vert lagt fram.

-Ein del prosjekt har fått ei økonomisk ramme i NTP som viser seg ikkje halda på realiseringstidspunktet. Pengane vert brukt opp, men utan at vi har pengar til alle prosjekta. Her trengs det ein insentivstruktur som held kontroll på kostnadane undervegs, slik at vi har råd til å verkeleggjera det vi har sagt vi skal verkeleggjera, seier Dale.

Norges-kartet i endring
Det skjer ufatteleg mykje på samferdslesektoren om dagen, samtidig med andre store omstillingsprosessar, i staten, i regionane og i kommunane. Statsråden ønskjer å starta NTP-prosessen med ein analyse av dei største strukturelle endringane i samfunnet, og korleis dei vil påverka planlegginga av infrastrukturen.

Byvekstavtalene vert eit tema for seg. Regionreforma har utløyst behov for betre involvering. Norges-kartet er i endring, og då må vi løysa grunnleggjande utfordringar innan infrastruktur som støttar opp under det, samstundes som vi er nøydd til å sjå på transportbehova ut av regionen.

Overføringa av sams vegadministrasjon, og 1.500 – 1.800 tilsette i Statens vegvesen til dei nye regionane, er noko av bakgrunnen for at samferdselsministeren no går ut og frir til regionane på eit så tidleg tidspunkt.

-Det kjem til å jobba mykje kompetent personell i regionane framover. Dette er fagpersonar eg ikkje kjem til å ha ansvar for når det nye planen skal leggjast fram. Dei nye regionane må vera med å prioritera, oppfordrar Dale.

Teknologiskifte
Første oppdraget har fagetatane alt fått; korleis få meir infrastruktur for pengane?

Vi lever i ei tid med rask og uføreseibar teknologiutvikling. Korleis påverkar teknologiskifta våre grunnleggjande prioriteringar innan samferdsle, spør Dale.
Elbilen varslar at det er eit teknologiskifte på gang. Korleis skal vi tenkja rundt bilen? Vi får 0-utsleppsløysingar. Når autonome køyretøy gjer at vi slepp å køyra, korleis vil då folk oppleva at 30-år gamle tog vil dekka behovet? Vil dei heller ta bilen?

Etterlyser truverdige klimatiltak
Endringane i personbilmarknaden har gjeve merkbar reduksjon i utsleppa av klimagassar. På dette området er utsleppspolitikken i ferd med å lukkast, ifølgje Dale. Korleis lukkast i andre sektorar? Tungbilar? Fly?

-Vil dei grepa vi tek vera effektive klimatiltak? Eller kan vi skriva klima framfor – men utan å få effektive kutt? Korleis løysa med utfordringane vi står overfor med truverd om vi skal nå Paris-forpliktingane?

-Korleis kan kollektivtrafikken verta konkurransedyktig? Vi treng ein revolusjon av kollektivtrafikken, seier samferdselsminister Jon Georg Dale og oppfordrar til mange endringar på ein gong.

Du kan få med deg samferdselsminister John Georg Dale sin presentasjon på departementet sine heimesider.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.