Ungdomsbedrift set geit på menyen

Greit med Geit UB lagar smakfulle produkt av geitekjøt. Det vinn dei prisar for.

Lovande unge entrepenørar i «Greit med geit UB» viser fram premiane i Hordalandmeistarskapen. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Dei «heimelaga» kjøtbollane og kjøtpølsa med geitekjøt fell i smak. Ungdomsbedrifta med elevar frå vg2 kokk og servitør på Sotra vidaregåande stakk av med heile fire førstepremiar og ein tredjepremie i konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland, melder Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Med seg heimatt til Sotra fekk ungdomane førstepremiane innan gastronomi, rekneskap, beste yrkesfaglege verksemd og for å ha det produktet med best berekraft.

Ungdomane fekk og gullbillett til NM. Neste konkurranse dei deltek i vert på Lillestrøm.

Det er Ungt Entrepenørskap i Hordland som stod bak konkurransen. Heile 87 klassar deltok.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.