Jobbar for ferjeavløysing på Stortinget

Bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy må akseptera å betala bompengar om dei skal kunna få ferjeavløysingsmidlar til å erstatta Sundferja med eit fastlandssamband.

– Det må vera betre å betala bompengar på eit ferjeavløysingsprosjekt i 40 år, enn å betala billett på ei ferje til evig tid, seier Ove Trellevik (H).

Det seier stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) til nettavisa Tunnelsyn.no.

Fastlandssamband frå dei to øyane i Krossfjorden over til Hjellestad har stått på dagsorden i fleire tiår. Då ordninga med ferjeavløysingsmidlar for få år sidan vart utvida til også å gjelda ferjene i fylkesvegnettet, for ein periode på 40 år, fekk bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy nytt håp.

Les: Ferjeavløsyingsmidlar kan gje 600 millionar til fastlandssamband

Fire år seinare er verken reguleringsplan eller naudsynte politiske vedtak på plass.

Krevjande
Her er det to øyar som skal knytast opp mot fastlandet. Å erstatta ferjesambandet frå Klokkarvik via Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad med eit fastlandssamband vil verta veldig kostnadskrevjande, tenkjer Trellevik.

Som folkevald frå eit kystfylke jobbar Trellevik for å forbetra ordninga, men innsatsen møter motstand i Oslo:

-Stortingsrepresentantane frå innlandet synes ordning med ferjeavløysingsmidlar er for sjenerøs, seier han.

Bompengar
Med dagens ordning vert ferjeavløysingsmidlane redusert om ein innfører bompengar på vegen. Trellevik tvilar på at fastlandssambandet vil verta sjølvfinansierande sjølv med både ferjeavløysingsmidlar og bompengar.

-Det må gå an å delfinansiera eit samband med bompengar, utan at ferjeavløysingsmidlane vert redusert, hevdar Høgrerepresentanten. Han håpar dette vil verta teken inn i Regjeringa sin kommuneproposisjon som kjem i mai.

For Trellevik er prinsippet om bompengar viktig. Folk aksepterer å betala på ferja, og dei aksepterer bompengar. Då skjønar han ikkje kvifor dei ikkje aksepterer å betala bompengar for å reisa ferjefritt.

– Det må vera betre å betala bompengar på eit ferjeavløysingsprosjekt i 40 år, enn å betala billett på ei ferje til evig tid. Her må ein ofra noko for å få noko att, lyder Trellevik sin politiske bodskap.

Rentekostnadar
– Stortinget er veldig på tilbydarsida ovanfor Hordaland fylkeskommune, hevdar Trellevik.

Nokon av innvendingane frå fylkeskommunen mot dei fire aktuelle ferjeavløysingsprosjekta i fylket er alt rydda av vegen, ifølgje han. Som eit resultat av tilbakemeldingane frå kystfylka, har det gått i orden at fylkeskommunane også kan få dekka inntil 30 prosent av rentekostnadane gjennom ordninga med ferjeavløysingsmidlar, seier stortingsrepresentanten.

Stor verdi
– Øyane har ein utruleg verdi som bustad- og rekreasjonsareal og burde vore tilgjengelege for langt fleire enn i dag, seier Trellevik.

Han legg seg ikkje opp i korleis kommunane og Hordland fylkeskommune vil gjennomføra bygginga av eit fastlandssamband. Kan hende bør bygginga skje i fleire etappar, tenkjer Trellevik.

Risikerer avkorting
Trellevik ønskjer ikkje å kommentera eit ferskt notat frå Kommunal og moderniseringsdepartementet som konkluderer med at ferjeavløysingsmidlane ved ei eventuell avkorting av ferjesambandet vil verta tilsvarande redusert. I fall det framleis skal gå ferje mellom Klokkarvik og Lerøy, samstundes som det kjem vegforbindelse frå Lerøy via Bjelkarøy til Hjellestad med bru, vil det utløysa i underkant av 900.000 kroner i årlege ferjeavløysingsmidlar. Byggjer dei i staden ein undersjøisk tunnel, vil dei framtidige driftskostnadane verta høgare enn det fylkeskommunen kan rekna med å få i tilskot til ferjeavløysingsmidlar.

Les: Øynar framtidig snarveg frå Sund til Sandsli

Utolmodig
Tellevik byrjar verta utomodig. Det hastar med å få fastlandssambandet på plass før øyane vert fråflytta:

– Dette har vore jobba med i 40 – 50 år. Det har teke altfor lang tid. Både Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune må visa større vilje til å finna løysingar dersom dei meinar det går an å gjera øyane landfaste, seier Trellevik.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.