600 fjellsokningar kan vera ramma av tryggleikshol i datasystem

Har du som privatperson tinga lokale hos Fjell kommune dei siste fem åra? I så fall kan personopplysingar om deg ha kome på avvege.

Fjell kommune har nytta «AktivKommune» sidan 2014. Skjermdump frå heimesida til kommunen.

Sist torsdag fekk systemeigarane varsel om at det har vore mogeleg for datakyndige å sjå opplysningar om privatpersonar som har tinga lokale gjennom bookingsløysinga «Aktiv By/Aktiv Kommune», kjem det fram av heimesida til Fjell kommune.

Les: Tryggleiksbrot funne i bookingløysing

Den digitale bookingløysinga «Aktiv kommune» vert nytta av Bergen, Stavanger, Ålesund og Fjell kommunar. Her kan privatpersonar, lag og organisasjonar i Fjell leiga kulturlokale, skulelokale og liknande. Systemet vert administrert av Stavanger kommune.

På avvege
I samband med registreringa har privatpersonar blitt bedne om å tasta inn personopplysingar som personnummer, namn, adresse, telefonnummer og epostadresse.

– Opplysingane har ikkje vore synlege på nettsida, men det har vore mogeleg for datakyndige å sjå opplysingar om kven som har tinga dei ulike lokala, seier digitalingsdirektør i Bergen kommune, Kjetil Århus.

Informasjon om 628 fjellsokningar kan ha kome på avvege som følgje av tryggleiksholet i boookingløysinga, som har vore i bruk i kommunen sidan februar 2014.

Kommunale lokale
-Til no er det ingen ting som tydar på at opplysingane kan ha blitt misbrukt, seier Århus.

Fjell kommune jobbar no med å varsla dei som kan ha fått personopplysingane sine på avvege som følgje av tryggleiksholet, seier kultursjef Lennar Fjell til heimesida til Fjell kommune.

Saman med dei andre kommunane jobbar Bergen med å avdekka omfanget.

Tryggleiksholet vart lukka dagen etter varselet, ifølgje heimesida. Datatilsynet er no varsla om avviket.

Bergen kommune har engasjerte eksterne tryggleiksekspertar for å kontrollera at personvernet for dei som heretter tingar offentlege lokale gjennom «AktivKommune» vert ivareteke.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.