Ein sjeldan anbefaling

2007-årgangen av Ioppa Ghemme har fått mykje ros – og det er heilt fortent.

Ioppa Ghemme 2007 er mykje vin for pengane.

Nebbiolo vert rekna for å vera kongen over italienske vindruer. Og som kongar flest, er han ikkje redd for å stilla krav – til vinmakaren og til forbrukaren. Når han får det som han vil, vert resultatet ofte oppsiktsvekkjande.

Barolo og Barbaresco er dei mest kjente områda for nebbiolo. Ettersom verdsmarknaden har prisa mange av vinane herifrå utan for rekkjevidde for folk flest, er det stadig fleire som får augene opp for nærliggjande område der naturvilkåra får drua til å yta sitt aller beste. Ghemme, ved sida av Gattinara, like nordvest for Milano, er truleg dei områda som lukkast best.

Nebbiolo stiller krav – først og framst til tolmod. Spekka med tanninar er dette ikkje ein vin til å drikka ung.

Les: Nebbiolos døtre

Ioppa-familien er ein av dei produsentane i Ghemme som får mest merksemd for nebbiolo-vinane sine. Og det er høgst fortent. Betre, og lengre modna vinar til eit slikt forbrukarvenleg prisnivå, er vanskelege å finna.

På den vesle vingarden vert mykje gjort for hand, utbytet i vinmarka er lågt.

Ioppa Ghemme 2007 er Ioppa sin entry-level vin, DOCG – men utan adresse i noko bestemt vinmark.

Han er laga av 85 prosent nebbiolo iblanda 15 prosent vespolina. Etter naturleg gjæring under streng temperaturkontroll på store ståltankar i 18 – 20 dagar vart mosten lagra fire år på store trefat av slovensk eik før vinen fekk godtgjera seg ytterlegare to år på flaske.

2007-årgangen som er å få kjøpt no har altså fått dobbelt så lang tid på seg i kjellaren. Og det merkast.

Duftar av modne kirsebær med undertonar av roser og fiolar.

Smaken kan best karakteriserast som «fløyel», for dei som føretrekkjer slike karakteristikkar. Den lange tida i kjellaren har dempa tanninane, men teke vare på fruktigheten. Resultatet er ein vin med tydeleg smak av tørka frukt og med antydningar til krydder, nøtter og lær.

Toler fint å bli drukke som kosevin framfor peisen, men passar og godt til biff og vilt.

Finst på alle Vinmonopol i kategori 6. Pris 230 kroner.

Ver obs på at 2007-årgangen no er i ferd med å erstattast av 2008-årgangen i hyllene på statsmonopolet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.