Står fast på to felt til Ågotnes

Argumentet om at flyttinga av Bergen Hamn til Ågotnes vil auka trafikken, fekk ikkje fylkespolitikarane til å skifta meining om framtidig vegbreidde. I staden får Statens vegvesen kritikk.

Hamnedirektør Johnny Breivik har det travelt med å flytta Bergen Hamn til Ågotnes, men strevar med å få fylkespolitikaraane med seg på at den nye hamna treng firefelts veg.

Ny fv. 561 frå Kolltveit til Ågotnes opptok mykje av tida då fylkesutvalet for miljø og samferdsle møttes tidlegare denne veka.

Presentasjonane frå ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Johnny Breivik frå Bergen og omland havenvesen, Kjell Erik Myre i Statens vegvesen og Torill Klinker i Hordaland fylkeskommune klarte ikkje overtyda fylkespolitikarane om at vegen bør byggjast som ein firefelts veg.

Kritikk mot Statens vegvesen
I framlegget til reguleringsplan som no er ute på høyring, legg Statens vegvesen opp til ein fire-felts veg på den 9,7 kilometer lange strekkja.

Ein reguleringsplan som får kritikk frå fylkesrådmannen for at han ikkje tek omsyn til fylkesutvalet sitt vedtak våren 2016 om å greia ut ein tofelts veg.

Les: Nye Øygarden nord – sør i 80 kilometer i timen

Fleirtal for to felt
I forslaget til høyringsuttale for det nye vegsambandet held fleirtalet av politikarane i utvalet fast på fylkesrådmannen si tilråding om at den nye vegen gjennom utmarka skal byggjast som ein to-felts veg.

Les: Sa nei til fire felt mellom Kolltveit og Ågotnes

Astrid Byrknes (KrF – Lindås) var ei av dei som gjerne hadde sett at vegen vert dimensjonert i samsvar med forventa framtidig trafikk og vekst i Ågotnes-området som følgje av den føreståande flyttinga av Bergen Hamn.

Ser vekk frå vedtak
-Fylkesutvalet sin uttale i spørsmålet våren 2016 tek ikkje opp i seg vedtaket om å flytta hamna, hevda Byrknes i forslaget som fekk seks røyster (KrF, H, FrP).

Ni av representantane røysta istaden for fylkesrådmannen si innstilling om ein tofelts veg (A, Sp, SV, MDG og V).

Dempa kritikken
Fleirtalet fekk likevel med ei lita, men viktig endring som dempa noko av kritikken som Statens vegvesen:

«Reguleringsplanen set av nok areal til ein eventuell framtidig firefelts veg, og at det detaljregulerast for tofelts veg».

 

 

 

Advertisements

1 Comment

  1. Ein kan med rette reise nokre spørsmål: Kvifor opptrer politikrane til dei grader smålege, når me først skal bygge ein NY vegstrekning ? Kvifor skal vestlendingane nøya seg med dårlegare vegstandard enn det t.d. austlendingar har, når me no, og i framtida, har høgare ÅDT på tilsvarande vegstrekningar ? Kor langt skal kunnskapsløysa infiltrera dei folkevalde organa ?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.