Kommunal gåvepakke til privat utbyggjar

Formannskapet i Øygarden har ingen innvendingar mot at PTA Eiendom AS og styreleiar Atle Ulveset får kjøpa den kommunale kremtomten i sjøkanten på Rong for 44 prosent av takst.

Atle Ulveseth er styreleiar i PTA Eiendom AS og i Brødrene Ulveseth AS. Verksemdene hovudaktørane bak utbygginga av Rong sentrum. Arkivbilete.

Den 3,9 mål store tomten er regulert til blokkbygging, ifølgje den nyleg vedtekne reguleringsplanen for Rong senter.

Rådmannen i Øygarden kommune har henta inn to takstar på eigedomen, på henhaldsvis åtte og ti millionar kroner. I møtet sist veke vedtok eit samrøysta formannskap at PTA Eiendom AS får kjøpa tomten for fire millionar kroner.

Les: Tilbyr å kjøpa kommunal kremtomt for 44 prosent av takst

Slepp transport
Avtalen inneber at Øygarden kommune får tilbake sprengsteinen når tomten vert planert.

Utbyggjar slepp likevel betala for å få vekktransportert dei store steinmengdene. Det må kommunen må sjølv gjera, for å kunna nytta steinen til å byggja ein kommunal molo i same området.

Ordførara Børge Haugetun har vore drivkrafta for å selja den attraktive tomta i sjøkanten til under takst. Hovudargumentet har vore at kommunedelsenteret Rong treng fleire innbyggjarar, fort, skal staden ha håp om å kunna konkurrera med Straume og Skogsskiftet om lokaliseringa av tenestene i nye Øygarden kommune.

Les: -Det viktigaste er at det er lys i vindaugene på Rong etter klokka 15

PTA Eiendom AS

Formannskapet i Øygarden vil selja denne tomten i sjøkanten på Rong for fire millionar kroner.

Det var den lokale eigedomsutviklaren PTA Eiendom AS som i fjor vår henvende seg til Øygarden kommune med spørsmål om å få kjøpa tomten.

Verksemda er største eigar og drivkraft i utbygging av Rong Senter. Største eigar er Brødrene Ulveseth AS, med 50 prosent. Peder B. Torsvik er dagleg leiar og minoritetsaksjonær. Atle Ulveseth er styreleiar i verksemda.

Les: Offentlege prestisjeprosjekt i kø for Atle Ulveseth

Advertisements

2 Comments

  1. Korleis kan dette gå føre seg, ordførar ? Kommunen kan som offentleg instans i utgangspunktet selja fast eigedom til den dei vil, til og med til underpris/under takst og utan «budrunder». Utan omsyn til kven kommunen vel å selja til og til kva pris, er det likevel med undring at ein kommune vel å favorisera ein bestemt kjøpar/utbyggjar. Dette vert særleg urovekkande når kommunen er i ein samanslåingsprosess med Fjell og Sund, kor det samla underskotet på driftsbudjettet er på ÷54 mill.(jfr. nov.2018) Kva signal gjer dette til innbyggjarane i den NYE kommunen som i neste omgang kanskje vert pålagt å betale eigedomsskatt, auka avgifter/gebyr og reduserte tenester ? Samla sett er det derfor grunn til å reise spørsmålet om nokon i salgsprosessen som har fått ein særleg fordel ?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.