-Bompengar er usosialt

Det er ikkje lommeboka som avgjer om du har behov for å nytta bil i kvardagen.

-Forskjellane i Norge aukar, og bompengar er ei avgift som ikkje tek omsyn til kor mykje du har i lommeboka, hevdar NAF.

Ein auke i bompengane rammar dei med lågast inntekt hardast, ifølgje NAF.

Ei ny undersøking bilorganisasjonen har gjennomført slår fast at nær 40 prosent av dei med lågast inntekt vil få problem dersom bompengane aukar med inntil 500 kroner månaden.

Les: Gjestekommentar: Veiprising – oppskrift på økte sosiale forskjeller

Rekordinnbetaling
Dei 15 nye bomstasjonane i Bergen er berre eitt av ni nye bompengeprosjekt som vert starta dette året. I 2019 vil Norge setja rekord i bompengeinnkrevjing, med heile 13 milliardar kroner.

NAF har undersøkt kor mykje bompengerekninga kan auka i månaden før det skapar utfordringar for familieøkonomien.

Undersøkinga er meint som eit innspel til Stortinget si behandling av Regjeringa si Fordelingsmelding.

Ekstra bør
-For NAF er det viktig at politikarane ser at avgiftspolitikken kan leggja ei ekstra økonomisk bør på dei som har lite frå før, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

-Forskjellane i Norge aukar, og bompengar er ei avgift som ikkje tek omsyn til kor mykje du har i lommeboka. Ei utvikling der dei som har minst ikkje har råd til å bruka bil, er ei utvikling NAF vil åtvara kraftig mot. Det vil vera sterkt urettvist, seier Ryste.

Prioritering
-Auka bompengar kan tvinga dei med dei lågaste inntektene til å prioritera vekk andre ting for å få råd til bompengar, eller til å slutta å køyra bil.

-Det er store skilnadar på kor mykje dei med låg og høg inntekt brukar bil og kor ofte dei passerer bomstasjonar. 57 prosent av dei med lågast inntekt nyttar jamnleg bil i si kvardagsreise, 48 prosent tek buss.

Skilnaden frå dei meg dei høgaste inntektene er stor. Her nyttar 80 prosent bil og 29 prosent buss i kvardagen, ifølgje NAF.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.