På topp i sjukefråvær

Innbyggjarane i kommunane vest for Bergen ligg framleis i topp i fylket når det kjem til sjuefråvær, sjølv om utviklinga går rette vegen.

– Internasjonal forsking har vist at psykiske lidingar ofte er underrapportert som årsak til sjukmelding. Vi har difor grunn til å tru at den reelle delen sjukefråvær med psykiske lidingar er langt høgare, seier
fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i NAV.

Meir enn 742.000 dagsverk gjekk vekk som følgje av sjukefråvær i Hordaland dei tre siste månadane i fjor, ifølgje NAV.

Øygarden toppa sjukefråværsstatistikken i fylket i siste kvartal i fjor. Det legemelde sjukefråværet i kommunen var då på 7,1 prosent.

Tala inneber at sjukefråværet i Øygarden var 1,9 prosentpoeng høgare enn i fylket sett under eitt.

Sund kom på fjerdeplass i Hordaland, med eit legemeld sjukefråvær på 6,3 prosent. Tett følgd av Fjell, med 6,1 prosent.

Tala inneber at sjukefråværet gjekk noko ned i Sund og Fjell i kvartalet, medan det var stabilt i Øygarden.

Høgast er sjukefråværet innan helse- og sosiale tenester, ifølgje NAV.

På landsbasis står psykiske lidingar og muskel- og sjelettplager for 60 prosent av alle sjukmelde. Kvinner er noko meir utsette for psykiske plager enn menn.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.