Sotra – Voss t/r på hydrogen

Nettavisa Tunnelsyn.no har testa hydrogenbilen Hyundai Nexo.

Berre HY-skilta og eit diskrè plassert skilt med ”fuel cell” som vitnar om at Nyundai Nexo ikkje er ein heile vanleg SUV.

(Saka er oppdatert med ny prisinformasjon.)

Nexo er Hyundai sin andre hydrogenbil, og ein av to i sitt slag som førebels er å få kjøpt i Norge.

Hos den lokale forhandlaren Lieco AS har dei ståltru på teknologien. Nexo er modellen dei håpar skal korta inn avstanden mellom hydrogenbilane på det norske vegnettet.

Les: Får 20 millionar til hydrogen-stasjonar – Lieco klar med bilane

600 kilometer
Nexo er ein elbil, men går på hydrogen. Under panseret finn vi eit lite kraftverk; ei brenselcelle som genererer elektrisitet av hydrogen. Vatn er einaste restproduktet av prosessen.

Rekkevidda på kring 600 kilometer på full tank gjer at Nexo vert opplevd meir som ein vanleg bensinbil enn som ein elbil. Å fylla tanken tek berre fem minutt, men berre ein fyllestasjon i Bergensområdet førebels gjer det likevel naudsynt å planleggja kjøringa betre enn for andre bilar.

Frå det cockpitliknande føraresetet har sjåføren full oversikt over dei mange smarte finessane.

Komfort
Dette er ein bil du stig opp i. Frå den cockpit-liknande førarplassen har sjåføren god oversikt og full kontroll over dei mange smarte finessane som vert levert som standard i den norske utgåva, ifølgje dagleg leiar Geir-Ole Lie hos den lokale forhandlaren Lieco AS.

Ryggekamera, GPS, cruise control, videovisning av dødvinklane i speglane i instrumentpanelet og automatisk parkeringsassistent er mellom dei digitale teknologiane som vert levert som standard.

Setene kan reglerast både i høgde og lengde. Eigen knapp for individuell justering av støtte i korsryggen gjer at føraren også sit uvanleg godt.

Baksetet har god beinplass. To personar bak vil nok likevel oppleva reisa som meir komfortabel enn om dei er tre som må dela på plassen.

Med fem passasjerar er det framleis rom for 460 liter bagasje.

Sotra – Voss
Nettavisa Tunnelsyn.no testa Nexo på ruta Sotra – Voss t/r, med Kvamskogen eine vegen. Ei variert rute som byr på bratte bakkar, uoversiktlege, smale svingar og lange strekkjer med 80-sone.

Toppfart vert opplyst å vera 179 kilometer i timen. Med ein maksimal effekt på 120 kW er Nexo ikkje den raskaste bilen eg har køyrt. Effekten vert likevel opplevd som stor nok til å halda tempoet opp i brattaste motebakkane. Jamnt over er Nexo ein bil det er lett å verta fartsblind i.

Å oppleva korleis bilen oppfører seg på snøføre kom uventa. Det var ikkje noko særleg at det automatiske antikollisjonssystemet høglydt varsla at det kopla seg ut i nedoverbakkane frå Gullbotn.

Den automatiske skiltlesaren hadde også problem. Skilt om oppheva fartsgrenser vart sjeldan registrert, noko som særleg hende ved innkjøringa til tunnelar.

Drivstofføkonomi

Innfelt dørhandtak. Dørhandtaket kjem berre fram når bilen vert låst opp med smart-nøkkelen.

Varslaren om kor langt det er mogeleg å køyra med drivstoffet på tanken er sentralt plassert i instrumentpanelet.

Status etter endt tur på 285 fysiske kilometer viste at eg berre hadde brukt hydrogen tilsvarande 232 kilometer. Systemet for regenerering av bremseenergien hadde med andre ord sørga for å produsera 53 kilometer ekstra. Då hadde regenereringa vore innstilt på nivå to av tre. Energigjenvinninga hadde truleg vore større på nivå tre, men då vart bremseeffekten opplevd som ubehageleg.

Slepp bompengar
Gjennomsnittleg forbruk ligg på 0,9 kilo hydrogen per 100 kilometer. På turen Sotra – Voss t/r brukte eg altså i underkant av tre kilo hydrogen, til ein pris av kring nitt kroner per kilo.

Regjeringa ønskjer å sjå fleire hydrogenbilar på vegen, og har difor lagt opp til å frita bilane for ei rekkje avgifter, som bompengar, i det minste inntil vidare.

Få fyllestasjonar – berre fire i drift i heile landet så langt – tilseier at Hyundai Nexo er ein bil hovudsakleg for urban køyring. Om økonomien tillater investeringa på 590.000 kroner, vil den daglege drifta visa seg å vera rimelegare enn for bensin – og elbilar.

3 Comments

    1. Hei,
      Takk for tilbakemelding!

      Ein ekstra kontrollsjekk viste av det i dette tilfellet nok er per 100 gram som er rett. Saka er no oppdatert med rett prisinformasjon.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.