På tide å vurdera alternativ skuletomt?

Når må fylkesdministrasjonen ta stilling til om ny vidaregåande skule på Sotra må flyttast til den alternative tomten på Straume?

Aud Karin Oen (SV) er uroleg for framdrifta på arbeidet med ny vidaregåande skule på Sotra. Arkivbilete.

Oppstart på tomten til ny vidaregåande skule på Sotra er tett kopla mot framdrifta av Sotrasambandet. For kort tid sidan vart det klart at oppstarten på arbeidet med Sotrasambandet er utsett.

Les: Varslar utsetjing av tilbodsutlysinga

Aud Karin Oen (SV, Øygarden) er uroleg for at dette kan få konsekvensar for framdrifta av ny vidaregåande skule i nye Øygarden.

-Når vil fylkesadministrasjonen måtta ta ei vurdering på om arbeidet lyt starta på alternativ tomt, spør Aud Karin Oen (SV) i eit skriftleg spørsmål til fylkesutvalet i Hordaland denne veka.

Fylkestinget føresåg ein slik situasjon då dei sist haust vedtok at den nye nye vidaregåande skulen for Sotra og Øygarden skal plasserast sentralt på Straume, på massane frå arbeidet med det nye Sotrasambandet som skal fyllast ut i Stovevatnet.

Les: No har fylkestinget sagt sitt om tomtevalet

Som alternativ tomt peika fylkestinget på området aust for rådhuset på Straume.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.