Her vil dei ha barnehage

Liljevatnet skule bør verta barnehage med plass til 130 ungar.

Liljevatnet skule bør verta barnehage. For å gjera barnehagen mest mogeleg attraktiv for foreldra bør det etablerast eit parker og reis-anlegg med 25 plassar i tilknyting til skulen.

Det tilrår rådmann Steinar Nesse i Fjell i ei sak til Komitè for drift og vidlikehald neste veke.

Kommunestyret i Fjell vedtok med knappt fleirtal i fjor vår at nyaste barneskulen i kommunen skal leggjast ned frå sommaren av.

Les: -Vil leggja ned utstillingsvindauge

Fjell manglar barnehageplassar. No ønskjer administrasjonen difor at delar av skulen skal omgjerast til barnehage. Kulturskulen skal framleis halda til i bygget.

Les: 100 ungar manglar barnehageplass

Ved å investera 12,5 – 13 millionar kroner kan skulen gjerast om til barnehage med plass til 130 ungar, har plan- og eigedomssjef Bjørn Erik Kristiansen rekna ut.

Parker og reis
Mange foreldre i Fjell har i dag ungane sine i barnehagar utanfor kommunen. For å gjera barnehagen attraktiv, føreslår rådmannen at det vert laga eit parker og reis anlegg med 25 plassar i tilknyting til den nye barnehagen.

Samstundes vert det lagt opp til at aktivitetane ved Svingen barnehage skal overførast til Liljevatnet, slik at denne barnehagen kan leggjast ned innan sommaren 2021.

 

 

Advertisements

2 Comments

  1. Tilbakeping: Tunnelsyn
  2. Velkommen til kommunen med ustabile fremtidsutsikter! Rådmannen er ikke mannen å lytte til!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.